Kva kan du gjera sjølv?

Kva kan du gjera sjølv?

Kva som skal til for at du skal kunne bu lenge i din eigen bolig vil vera avhengig av boligen sin tilstand og lokasjon, i tillegg til din eigen fysiske og psykiske helse. 

Fysiske hindre i din eigen bolig kan gjera det utfordrande å bu heime så lenge du ønskjer. Andre faktorar som tilgang på omsorg frå pårørande, eigne sosiale nettverk og relasjonar kan også vera av betydning. 

Nedanfor kan du klikka på dei ulike løysingane for å få meir informasjon og døme på korleis du kan legga til rette for framtidige behov i boligen din, og kva tiltak du kan gjennomføra for å fjerna hindre. 

Enkle tiltak å gjera i boligen

Belysning

  • Med aukande alder skjer det naturlege endringar i auge og med synet, noko som gjer at dei fleste treng meir lys for å sjå det same som tidlegare. Ein person på 60 år treng 3-5 gonger så mykje lys for å sjå det same som ein person på 20 år
  • Belysninga bør vera jamn og god slik at du slepp å tilpassa deg for store variasjonar. Ein medviten bruk av kontrastar og skugge i lyset kan gjera det enklare å orientera seg rundt om i rommet. Til dømes ein mørk sofa mot ein kvit vegg eller ein kvit vegg mot mørke dørkarmar. 
  • Det er ein fordel med dimmbare lampar slik at du kan justera belysninga etter ditt behov
  • Du bør unngå mørke krokar og område, då desse kan føra til ulykker

 

Ryddige soner

  • Det er enklare å orientera seg i soner som er ryddige og som ikkje inneheld for mange ting. Det er også lurt at ting har faste plassar. Du bør unngå bruk av golvmatter då desse kan forårsaka fall

 

Fargar og kontrastar

  • Ein medviten bruk av fargar og kontrastar kan gjera det enklare å skilja ting frå kvarandre og frå bakgrunnen
  • Det kan også gjera det enklare å finna fram i heimen. Det kan til dømes vera enklare å sjå ein kvit lysbrytar mot ein farga vegg eller mot ei farga rame rundt lysbrytaren
Inngangsparti

Fysiske hindre til og i eigen bolig kan gjera det vanskelegare å bu heime så lenge du ønskjer. Dette påverkar blant anna moglegheiten til å vera aktiv og å oppretthalda eigne sosiale nettverk og relasjonar.

  • Ved å til dømes fylla på med masse på gardsplassen, eller legga betonghellar - kan det bli enklare å koma inn og ut av boligen.
  • Ved å skifta inngangsdør kan ein kanskje oppnå lågare dørterskel og betre isolering
  • Dersom mellomgangsdør er til hinder kan ein fjerna denne, eller fjerna dørteskelen

 

Hjelpemidlar gjennom folketrygda

Hjelpemidlar gjennom folketrygda kan til dømes vera 

  • Rampe
  • Løfteplattform
  • Trappeheis

Dette er nødløysingar og omfattande tiltak. Nokon av tiltaka kan også ha byggetekniske konsekvensar. Her kan det vera lurt å få råd frå kommunen sin ergoterapeut. 

 

Bad og toalett
  • Dei fleste ulykkene skjer i heien, og fall skjer ofte på badet. Du kan få auka tryggleik på badet ved hjelp av ulike hjelpemidlar
  • Å kunne fungera på eige bad er vesentleg for å kunne fungera i heimen. Badet kan i nokon tilfeller også vera ein arbeidsplass for kommunalt tilsette. Då må det vera plass til hjelpar ved både dusj, toalett og servant
  • Vanlege utfordringar er høg terskel og smal dør inn til badet, liten plass, badekar, dusjkabinett og lågt toalett. Her kan det vera utfordring med å nytta dusj eller badekar, å koma godt inntil servant og nytta toalettet. Bruk av antisklimatte vil kunne førebygga fall i og utanom dusj. 
  • Som huseigar eller bebuar har du ein sjølvstendig ansvar for tilrettelegging av badet. Det kan blant anna vera å legga til rette med god belysning og kontrastar. Dersom det er mogleg kan du fjerna terskel inn til bad og/eller skifta dør for å koma inn med rullestol/rullator
Kjøkken
  • I tilfeller kor det er behov for tilrettelegging av kjøkken vil det ofte vera eit mål om å legga til rette for at personar skal kunne utføra aktivitetar i sittande arbeidsstilling
  • Då er det også behov for å avklara kva aktivitetar personen skal utføra på kjøkkenet for store utbetringar blir sett i gang
  • Det er også behov for å kartlegga korleis aktivitetane skal utførast. Ofte kjem ein langt med enkle tiltak
Soverom

Soverommet blir ikkje berre nytta til å sova i, men også til stell og omkledning i enkelte tilfeller. 

Ved sjukdomsutvikling kan behova endra seg. Då kan plassbehov for aktuelle hjelpemidlar og medhjelparar vera noko som må vurderast. Det er viktig å ta høgde for dette. 

I soverommet kan dette bety arealkrevjande hjelpemiddel og faste installasjonar. I tillegg kan soverommet også bli ein arbeidsplass for kommunalt tilsette. Storleiken på soverommet er avgjerande for kva som kan utførast her. 

Smarthus

Smarthus blir også kalla heimeautomasjon. Denne løysinga kan styra og regulera ulike funksjonar i boligen din. Det kan vera funksjonar for å kontrollera alt frå:

  • lys
  • varme
  • straumforbruk
  • persienner
  • garasjeport
  • ytterdøra
  • branntrygging
  • innbrotssikring
  • kamera
  • ventilasjon
  • lyd og bilde

Dette blir styrt ved hjelp av nokon enkle brytarar, med nettbrett/smarttelefon eller automatisk. 

Der er også mogleg med talestyring ved hjelp av til dømes Google Home, Aleksia og liknande. 

Denne løysinga kan du kjøpe sjølv hos fleire elektroinstallatørar. 

Tildelingskontoret
Telefon 52 79 23 60