Sosial deltaking

Sosial deltaking

Bruk av teknologi og tilrettelagt bolig kan bidra til meistring og sjølvstende i eigen heim. Det handlar blant anna om å fjerna fysiske hindringar i bygg, boligar og omgivelsar slik at dette ikkje avgrenser moglegheitene til å leva eit sosialt liv og å delta i samfunnet. 

 

Nettbrett og liknande løysingar med bruk av videosamtalar kan ha ein positiv effekt og bidra til sosial deltaking og tryggleik. Spesielt når ein er einsam, har dårleg helse eller utfordringar med å møta andre. 

Klikk på dei ulike løysingane nedanfor for å få meir informasjon. 

 

Kommunikasjon med pårørande med bruk av nettbrett og liknande

 

Velferdsteknologi - Klikk for stort bileteKommunikasjon med pårørande Komp noisolation.com

Det er fleire løysingar som kan brukast for å kommunisera digitalt: 

Nettbrett

  • Med nettbrett kan du treffa vener og familie, både dei som bur i nærleiken og dei som bur på ein heilt annan kant av landet eller i verda. Det er mange appar som gir denne moglegheita, til dømes Facetime, Skype, Teams, Messenger og liknande

 

Komp

  • Dette er ein skjerm for videosamtalar og bildedeling frå vener og familie. Den kan gi tryggleik og selskap, spesielt til deg som ikkje meistrar moderne teknologi
  • Komp kan hjelpa deg i ivareta relasjonar med vener og familie.
  • Skjermen har eit innebygd kamera og kun ein knapp for av/på og volum.
  • Pårørande/andre som blir inviterte til å ta i bruk Komp må lasta ned ein app. Gjennom appen kan ein enkelt senda bilde, meldingar og gjennomføra tovegs videosamtalar. Du inviterer familiemedlemer og vener i appen. 
  • Den er enkel å setta opp, og det er ein sikker løysing som berre inviterte har tilgang til
  • Med Komp kan det bli enklare for alle generasjonar i storfamilien til å kommunisera med kvarandre

 

Er dette aktuelt for deg?

Du kan kjøpa Komp sjølv på nettet. 

Mobil tryggleiksalarm

Velferdsteknologi - Klikk for stort bileteMobil tryggleiksalarm Trøndelagsløftet
  • Du kan kjøpa tryggleiksalarm til eige bruk utan tilknytning til helsetenesta. Alarmen vil då gå til dine pårørande
  • Ved hjelp av DORO-telefon og tilhøyrande alarmknapp har du ein mobil tryggleiksalarm. Med knappen festa til handleddet kan du varsla dine pårørande berre ved å trykka på knappen
  • Telefonen vil først senda ein sms med informasjonom kven avsendar, etter det vil telefonen søka opp posisjonen og senda ein ny sms med lenke til kartposisjon
  • Til slutt vil telefonen automatisk forsøka å ringa opp dei personane som er oppført som mottakarar (pårørande) inntill dei svarer. Då set telefonen automatisk opp ein høgttalande tovegs-samtale

 

Kven kan få tilbod?

Tenesta er for heimebuande eldre eller dei med nedsett funksjonsevne som på grunn av sjukdom eller andre orsaker opplever utryggleik og/ eller har behov for å kunne tilkalla hjelp i akutte situasjonar.

Søknad og handsaming

Du søkjer via Tildelingskontoret. Har du rett på hjelp får du vedtak på tenesta. Det er Ingen søknadsfrist. Alle søknadar blir vurdert kontinuerleg.

Søknadsskjema finn du her

Tildelingskontoret handsamer søknaden og du mottek eit vedtak som seier kva tenester som skal gis, og kor mykje og kor ofte søkjar kan forvente å motta tenester. Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale eit heimebesøk. Vurderinga skjer i samarbeid med deg og andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før.

Etter søknad er behandla tek kommunen kontakt for å avtala både montering og opplæring om produktet.

Pris

Her finn du gebyr

Klage

Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.

GPS - lokaliseringsteknologi
Velferdsteknologi - Klikk for stort bileteGPS lokaliseringsteknologi Trøndelagsløftet
  • Den største målgruppa for bruk av lokaliseringsteknologi er personar med demens. Denne løysinga handlar i stor grad om å skapa tryggleik, auka mestringskjensle og livskvalitet, samt at personar med demens kan bu lengre heime
  • Auka bruk av GPS-lokalisering sparer pårørande for uro samt politi og leitemannskap for ressursar
  • GPS finst som smykke, klokke eller såle i sko
  • Ved å setta opp geografisk gjerde i systemet kan ein definera område som trygge soner, soner der du er trygg og kjent.
  • Det blir sendt varsel til pårørande dersom du går utanfor det bestemte området
  • Fleire av desse funksjonane ligg også innebygd i mobiltelefonar. Undersøk kva som er mogleg med din eigen telefon

 

Kven kan få tilbod?

Tenesta er for heimebuande eldre eller dei med nedsett funksjonsevne som på grunn av sjukdom eller andre orsaker opplever utryggleik og/ eller har behov for å kunne tilkalla hjelp i akutte situasjonar.

Søknad og handsaming

Du søkjer via Tildelingskontoret. Har du rett på hjelp får du vedtak på tenesta. Det er Ingen søknadsfrist. Alle søknadar blir vurdert kontinuerleg.

Søknadsskjema finn du her

Tildelingskontoret handsamer søknaden og du mottek eit vedtak som seier kva tenester som skal gis, og kor mykje og kor ofte søkjar kan forvente å motta tenester. Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale eit heimebesøk. Vurderinga skjer i samarbeid med deg og andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før.

Etter søknad er behandla tek kommunen kontakt for å avtala både montering og opplæring om produktet.

Pris

Her finn du gebyr

Klage

Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.

Samtaleforsterkar
Velferdsteknologi - Klikk for stort bileteSamtaleforsterkar Trøndelagsløftet
  • Dette er eit høyrselshjelpemiddel som kan hjelpa deg i mange situasjonar, til dømes under ein samtale, når du ser på TV, ved konferansar og på offentlege område med teleslynge. 

 

Kven kan få tilbod?

Tenesta er for heimebuande eldre eller dei med nedsett funksjonsevne som på grunn av sjukdom eller andre orsaker opplever utryggleik og/ eller har behov for å kunne tilkalla hjelp i akutte situasjonar.

Søknad og handsaming

Du søkjer via Tildelingskontoret. Har du rett på hjelp får du vedtak på tenesta. Det er Ingen søknadsfrist. Alle søknadar blir vurdert kontinuerleg.

Søknadsskjema finn du her

Tildelingskontoret handsamer søknaden og du mottek eit vedtak som seier kva tenester som skal gis, og kor mykje og kor ofte søkjar kan forvente å motta tenester. Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale eit heimebesøk. Vurderinga skjer i samarbeid med deg og andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før.

Etter søknad er behandla tek kommunen kontakt for å avtala både montering og opplæring om produktet.

Pris

Her finn du gebyr

Klage

Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.

Elektroniske kalendarar og tidshjelpemiddel
Velferdsteknologi - Klikk for stort bileteKalender Trøndelagsløftet Velferdsteknologi - Klikk for stort bileteTimestokken Trøndelagsløftet Velferdsteknologi - Klikk for stort bileteElektronisk whiteboard Trøndelagsløftet

Kalendarar og planleggingssystem

Merker du at avtalar og datoar startar å glippa? Då finst det ulike kalendarar som kan vera til stor hjelp. Desse kalendarane kan visa deg riktig dag og dato automatisk, nokon kan også visa aktivitetar og avtalar. 

  • Ei magnetisk whiteboardtavle kan visa tida og planlagte aktivitetar i løpet av døgnet. Aktivitetar kan skrivast med tekst på tavla eller med bilder/symboler. Påminning med lyd er mogleg
  • "Timestokken" kan vise tida konkret ved hjelp av lysprikkar. Denne kan gi støtte når det er vanskeleg å forstå tidsomgrepet, og når det er vanskeleg å anslå kor lang tid ein aktivitet tar eller har problem med å avslutta eller byta aktivitet
  • For deg som nyttar smarttelefon finst det mange ulike appar ein kan lasta ned, elles kan du også bruka kalenderfunksjon på telefon med påminning

 

Kven kan få tilbod?

Tenesta er for heimebuande eldre eller dei med nedsett funksjonsevne som på grunn av sjukdom eller andre orsaker opplever utryggleik og/ eller har behov for å kunne tilkalla hjelp i akutte situasjonar.

Søknad og handsaming

Du søkjer via Tildelingskontoret. Har du rett på hjelp får du vedtak på tenesta. Det er Ingen søknadsfrist. Alle søknadar blir vurdert kontinuerleg.

Søknadsskjema finn du her

Tildelingskontoret handsamer søknaden og du mottek eit vedtak som seier kva tenester som skal gis, og kor mykje og kor ofte søkjar kan forvente å motta tenester. Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale eit heimebesøk. Vurderinga skjer i samarbeid med deg og andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før.

Etter søknad er behandla tek kommunen kontakt for å avtala både montering og opplæring om produktet.

Pris

Her finn du gebyr

Klage

Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.

Brikker til å finna nøklar og andre gjenstandar
Velferdsteknologi - Klikk for stort bileteBrikker Trøndelagsløftet

Det er fort gjort å gløyma kor ein har lagt frå seg nøklar og briller. Det finst løysingar som kan hjelpa deg med dette: 

  • Brikker kan du festa til gjenstandar og bruka til å finna baggar, lommebøker og liknande
  • Nokon finst også med alarmfunksjon
  • Du kan kjøpa slike brikker sjølv, blant anna på Clas Ohlson, Biltema med fleire

 

Kven kan få tilbod?

Tenesta er for heimebuande eldre eller dei med nedsett funksjonsevne som på grunn av sjukdom eller andre orsaker opplever utryggleik og/ eller har behov for å kunne tilkalla hjelp i akutte situasjonar.

Søknad og handsaming

Du søkjer via Tildelingskontoret. Har du rett på hjelp får du vedtak på tenesta. Det er Ingen søknadsfrist. Alle søknadar blir vurdert kontinuerleg.

Søknadsskjema finn du her

Tildelingskontoret handsamer søknaden og du mottek eit vedtak som seier kva tenester som skal gis, og kor mykje og kor ofte søkjar kan forvente å motta tenester. Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale eit heimebesøk. Vurderinga skjer i samarbeid med deg og andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før.

Etter søknad er behandla tek kommunen kontakt for å avtala både montering og opplæring om produktet.

Pris

Her finn du gebyr

Klage

Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.

Tildelingskontoret
Telefon 52 79 23 60