Hjelpemiddel

Hjelpemiddel

Tekniske hjelpemiddel har til hensikt å betra funksjonsevna hjå brukar, og lette pleia av sjuke og dei med nedsett funksjonsevne.

Kven kan få tilbod om hjelpemiddel?

I utgangspunktet kan alle få låne hjelpemiddel om du har behov for det.

Ved midlertidig behov for tekniske hjelpemiddel, kan ein få låne dette av kommunen. Kommunalt hjelpemiddellager har dei vanlegaste hjelpemidla til forflytning og primære behov. Eksempel er toalettforhøyar, dusj/ toalletstol, manuelle rullestolar og rullatorar.

Er behovet for hjelpemiddel permanent må du søkje til NAV og få hjelpemiddel via hjelpemiddelsentralen. Kommunen vil gi deg bistand til å skrive ein slik søknad.

Kommunen har eigen kontaktperson for syn- og hørselshjelpemiddel.

Slik søkjer du

Kommunen tar i mot både munnlege og skriftlege henvendingar vedrørande behov for hjelpemiddel. (Sjå kontaktinformasjon i høgre kolonne)

Det er ikkje naudsynt med ein formell søknad for å få låne eit hjelpemiddel frå kommunen sitt eige lager. Du får heller ikkje eit vedtak om hjelpemiddel frå kommunalt hjelpemiddellager.

Ved langtidsbehov for hjelpemiddel vil du få bistand frå kommunen til å sende søknad til NAV hjelpemiddelsentralen. NAV hjelpemiddelsentralen handsamer søknaden og gjer vedtak i saka.

Etter ei henvending tek kommunen kontakt med deg for å vurdere hjelpemiddelbehovet og gi bistand til å skrive ein eventuell søknad til NAV hjelpemiddelsentralen. Når hjelpemidlet er tilgjengelig for utlevering vil du bli kontakta for nærmere avtale om levering/montering/opplæring.

Pris

Tilbodet er gratis

Klage

Dersom kommunen ikkje følger opp ei henvending kontakt einingsleiar/fagleiar på den aktuelle avdelinga. Ved klage på vedtak frå NAV hjelpemiddelsentralen, sjå informasjon i vedtaksbrevet.

Tildelingskontoret
Telefon 52 79 23 60
Vakttelefon heimesjukepleie
Telefon 99 58 34 40

Opningstid

Mån - fre: 08.00 - 15.00

Adresse

Suldal kommune

v/ Bestillarkontoret

Bjødnateigen 21

4230 Sand