Heimesjukepleie gir hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime.
Kven kan få tilbod om heimesjukepleie?
Alle, uavhengig av alder. Bestillarkontoret tildeler tenesta etter ein individuell vurdering av sjukdom, funksjonsnedsetting og heimesituasjon.
Søknad
Ein må søkje om tenesta via Bestillarkontoret. Har du rett på hjelp får du vedtak på tenesta. Ved akutt behov ta direkte kontakt med heimesjukepleien.
Søknadsskjema finn du her
Bestillarkontoret handsamer søknaden og du mottek eit vedtak som seier kva tenester som skal gis, og kor mykje og kor ofte søkjar kan forvente å motta tenester.
Det er ikkje søknadsfrist og søknadar blir vurdert kontinuerleg. Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale eit heimebesøk. Vurderinga skjer i samarbeid med deg og andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før.
Kva kostar det?
Heimesjukepleie er gratis
Klage
Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.
Lovar og reglar
Helse- og omsorgstenestelova
Sist endra 12.01.2023 19.00