Heimehjelpa kan hjelpe deg med praktiske oppgåver som reingjering, oppvask, tilbereding av mat eller andre aktivitetar. Heimehjelpa kan og veileda deg i korleis du klarer deg meir sjølvstendig i forhold til reinhald i heimen.
Kven kan få tilbod?
Alle kan få tilbod uavhengig av alder om du har rett på tenesta.
Søknad
Du må søkja til bestillarkontoret. Har du rett på tenesta får du vedtak på det.
Søknadsskjema finn du her
Bestillarkontoret handsamer søknaden og du mottek eit vedtak som seier kva tenester som skal gis, og kor mykje og kor ofte søkjar kan forvente å motta tenester. Alle søknader blir vurdert kontinuerlig.
Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale eit heimebesøk. Vurderinga skjer i samarbeid med deg og andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før. Etter søknad er behandla tek kommunen kontakt for å avtale oppstart av tenesta.
Pris
Prisen er avhengig av inntekta di og det er bestemt kor mange timar du må betale for. Betalingssatsar for praktisk bistand vert fastsett sentral, jfr forskrift om kommunal egenandel i helse og omsorgstjeneste § 10.
Du finn prisar her
Klage
Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.
Lovar og reglar
Helse- og omsorgstjenestelova