Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering

Kva tilbyr me?

Tidsavgrensa rehabilitering der opptrening i kvardagens gjeremål føregår heime hjå deg.

Eit tverrfagleg team sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar og heimetrenarar vil gjere ei systematisk kartlegging av funksjonen din. I samarbeid med teamet utarbeidar ein mål for kva du tykkjer er viktig å meistre i din kvardag.

På bakgrunn av kartlegging og målsetting vil teamet arbeida i lag med deg mot å nå måla dine. Me kjem heim til deg for å trena på dei aktivitetane og måla du meiner er viktig. Treningsinnsatsen vert intensiv i fire veker, for å så reduserast i takt med at funksjonen din vert betre.

Kven kan få tilbod om tenesta?

Du som har opplevd redusert funksjon i eit eller fleire daglege gjeremål, og som har ynskje om å meistre kvardagen igjen, slik at du i størst mogleg grad kan klara deg sjølv.

Søkarar av tenesta må ha eit aktivitetsproblem og/eller ei funksjonsnedsetjing som har gjort kvardagen vanskelegare å meistre. Tilbodet gjeld vaksne over 18 år som bur i eigen heim.

Korleis få tilbod?

For å få tilbodet må ein oppfylla nokre kriterier. Mellom anna forventar me at du er motivert til å gjere ein innsats for å nå dei måla du har sett deg, slik at du i størst mogleg grad på nytt kan bli sjølvhjulpen i eige liv.

Dersom du har spørsmål eller ynskjer tilbod om kvardagsrehabilitering kan du anten søka skriftleg eller du kan kontakta ergoterapeut eller Bestillarkontoret.

Slik søkjer du

Du søkjer om kvardagsrehabillitering ved å fylla ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester her. I søknadsskjemaet skriv du om dine hjelpebehov og aktivitetar du no opplev som utfordrande eller vanskelege. Det er ingen søknadsfrist og alle søknader blir vurdert kontinuerleg.

Når du søkjer om helse- og omsorgstenester vil kvardagsrehabiliteringsteamet gjere ei vurdering på om du fell inn under kriteria for å motta kvardagsrehabilitering. Teamet tek kontakt med deg for å avtale eit kartleggingsbesøk.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Klage

Sakshandsamar ved Bestillarkontoret kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.

Lovar og reglar

Helsepersonelloven

Helse- og omsorgstenestelovva

Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuelle plan og koordinator

Kvardagsrehabilitering
Telefon 90 02 90 37
Eivor Fugelsøy
E-post
Tone Vold Solheim
E-post
Mobil 45 61 59 16
Kjellaug Marie H Vassbø
E-post
Telefon 40 43 52 13
Mobil 40 43 52 13

Opningstid

Mån-fre: 08.00 - 15.00

Adresse

Suldal kommune

v/Fysikalsk avdeling

Eidsvegen 3

4230 Sand