ErnæringsfysiologLytt til tekstenStopp avspillingEin ernæringsfysiolog er kvalifisert til å førebyggja, utreda, diagnostisera og behandla ernæringsrelaterte sjukdommar. Kliniske ernæringsfysiologar er autorisert til å gi trygg ernæringsbehandling. Til grunn for autorisasjonen ligg fem års masterstudiar ved medisinske fakultet. Kva tilbyr me? Individuell behandling, rettleiing og oppfølging. Kor mange oppfølgingstimar avhenger av problemstillinga og ditt ynskje. Kven kan få tilbod om tenesta? Personar som har auka risiko for eller allereie utvikla sjukdom og som har behov for å endre kost- og levevanar. Døme på aktuelle problemstillingar kan vere: Overvekt/fedme Hjarte- og karsjukdom (inkl. høgt blodtrykk og høgt kolesterol) Kreft Irritabel tarm (IBS) Mage- og tarmsjukdom (cøliaki, morbus crohn, ulcerøs kolitt m.m.) Diabetes type 2 Revmatisk eller nevrologisk sjukdom Sjukdom relatert til lunge, lever eller nyre Underernæring Matallergiar og -intoleransar Etevanskar og avvikande vekstutvikling hjå born Oppfølging etter kirurgiske inngrep Korleis få tilbod? Du kan ta direkte kontakt med ernæringsfysiologen eller be helsepersonell om å henvise deg. Kva kostar det? Tilbodet er gratis. Publisert av Martine Førre Publisert 29.10.2021 12.59