Informasjon

Informasjon

Kommunane Etne, Vindafjord, Suldal og Sauda har delegert arbeidet med miljøretta helsevern til eit interkommunalt selskap: Senter for Miljøretta Helsevern. Vertskommunen for senteret er Sauda. Senter for miljøretta helsevern skal arbeida etter Folkehelselova med tilhøyrande forskrifter. Senteret er i realiteten eit tilsynsorgan overfor kommunane og blir handsama av vertskommunen. Saker som treng samfunnsmedisinsk kompetanse og saker som har helsefare ved miljøet blir handsama av kommuneoverlegen i Suldal.

Miljøretta helsevern omfattar alle miljøfaktorar som direkte eller indirekte kan påverke helsa, både fysiske, kjemiske, biologiske og sosiale miljøfaktorar.
Folkehelselova kapittel 3 legg ansvar og mynde for fagområdet miljøretta helsevern til kommunane. I Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal er Senter for MVH delegert dette ansvaret.


Tenesta dekker ikkje miljømessige forhold som oppstår i bustader og på fritidseigedomar, viss ikkje slike forhold kan virke inn på omgjevnadar utanfor bustaden eller fritidseigedomen. I særlege tilfelle kan ein gi råd dersom det er risiko for helseplager i bustaden som blir nytta til utleige.


Ansvarsområde

Arbeidet innan miljøretta helsevern består blant anna av:

  • Rettleiing og behandling av klagesaker
  • Uttale i plansaker
  • Tilsyn med virksomheiter og eigendomar, f.eks. skoler, barnehagar, campingplassar, kjøletårn og solariet
  • Handsaming av søknader for virksomheiter som er melde- og godkjenningspliktig

 

Miljøfaktorar som kan påverke helse og trivsel

  • Inneklima
  • Støy
  • Luftforureining
  • Stråling (elektromagnetisk stråling, radon, solariet)
  • Forureining til vann og grunn
  • Lukt
  • Skadedyr
  • Smittestoff inkludert legionella
  • Avfallshandtering
  • Handsaming av saker om miljøretta helsevern skal følge forvaltningslova. Klager på vedtak sendes til miljøretta helsevern i kommunen. Dersom klagen ikkje blir tatt til følge, blir den vidaresendt til Statsforvaltaren i Rogaland for endeleg avgjersle. 

 

Alle saksdokument til og frå kommunen er i utgangspunktet offentlege etter offentleglova, og vil koma på offentleg postliste. Det vil sei at andre kan få innsyn i klagen din og kommunen sitt svar på den.

 

Skjema

Meldeskjema frisør og hudpleie

Plangodkjenning skule og barnehage

Søknad om endeleg godkjenning av skule og barnehage

Søknadsskjema tatovering og hulltaking

Harald Bjarne Hellesen
E-post
Telefon 91 16 75 06
Mobil 91 16 75 06