Barnevern

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Barnevern

Indre Ryfylke barnevern er ei interkommunal teneste mellom Suldal og Sauda kommune, der Sauda er vertskommune. Barneverntenesta har bemanna resepsjon, og er tilgjengeleg på telefon 52 78 60 30 i vekedagar mellom 07.30 og 15.00.

Akutt beredskap

Barneverntenesta har bemanna resepsjon og er tilgjengeleg på telefon 52 78 60 30 i vekedagar mellom kl. 07.30. og 15.00. Barnevernet har beredskap som dekkjer Suldal og Sauda kommune. Ved akutte behov utanom arbeidstid kan barnevernvakta kontaktast på telefon 469 42 992. Barnevernvakta gir hjelp til born og unge i alderen 0-18 år og familiane deira.

Barnevernet skal var ein garanti for at alle born og unge blir sikra omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheiter. Dei skal trygge born mot omsorgssvikt og hindre at born lir fysisk og psykisk overlast. Barnevernet sitt arbeid er en blanding av støtte og kontroll. Dei skal gi hjelp og støtte slik at heimen skal kunne makta sitt oppdragaransvar, men dei har og plikt til å gripa inn dersom hjelpa ikkje nyttar.

Kven kan melda frå til barnevernet?
  • Alle kan melda frå til barneverntenesta dersom dei er uroa for at eit barn ikkje har det greit. 
  • Offentleg tilsette har ei plikt til å melda si uro til barnevernet ved uro om omsorgssituasjonen til eit barn
  • Familie med behov for hjelp kan sjølv kontakta barneverntenesta.
Kva kan du forventa av barnevernstenesta?
  • Tilsette i barneverntenesta skal møta heile familien med respekt og behandla dei på ein høfleg og verdig måte
  • Nødvendige tiltak skal så langt som mogleg utformast i nært samarbeid med dykk
  • De skal få forståeleg informasjon om rettar og pliktar og vår vurdering av bornet/borna sin situasjon
  • Viktig informasjon som de eller andre gir oss, skal samlast og arkiverast i tråd med gjeldande lovverk De har innsynsrett i eiga sak
  • Tilsette i barneverntenesta har teieplikt
  • Me skal gå gjennom ein førespurnad innan ei veke
  • Dersom barneverntenesta skal vurdera om det er nødvendig å setta inn tiltak i din familie, skal det som hovudregel vera undersøkt og avklart innan tre månadar.
Kva kan barnevernet hjelpa med?
  • Råd og rettleiing
  • Støttekontakt
  • Plass i barnehage/SFO
  • Miljøarbeidar i heimen
  • Familieråd
  • Besøksheim
  • Tiltak som stimulerer barnet/ungdommen til fritidsaktivitetar
  • Økonomisk støtte i form av pengar til for eksempel fritidsaktivitetar
  • Formidling av plass i fosterheim, mødreheim eller institusjon
  • Vise til andre instansar som kan yta hjelp og støtte for eksempel PPT, BUP
Indre Ryfylke Barnevernsteneste
Telefon 52 78 60 30
Barnevernvakta
Telefon 46 94 29 92
Mobil 46 94 29 92

Opningstid

07.30 - 15.00
Utanom opningstid kan du ringe barnevernvakta

Adresse

Sand: Eidsvegen 3, 2. etasje Helsehuset

Sauda: Åbødalsveien 79 (Helsesenteret)

Kart

Kart