Plastsortering i Suldal

Plastsortering i Suldal

Etter brannen ved IVAR sitt sorteringsanlegg på Forus i 2022 vert restavfallet sendt til forbrenning. Som ei midlertidig løysing fram til nytt sorteringsanlegg står klart, kan dei som ønsker det sortere ut plastemballasje heime og levera den i eigen container for dette.  
 

Plastsortering i Suldal

Kva skal sorterast som plastavfall?

Det kan vere bereposar, folie, beger, boksar og flasker av plast, f.eks. sjampoflasker, ostepakkar, rømmebeger, vaskemiddelflasker og plastbrett for matvarer (kylling, kjøttdeig og liknande). 

Produkt som ikkje skal sorterast som plastavfall
  • Tilgrisa plastemballasje
  • Plastemballasje som inneheld restar av farleg avfall.
  • Potetgull- og kaffeposer som er samansett av plast og metall, eller plast og papir
  • Plast som ikkje er emballasje, som leikar, hageslangar, presenningar, hagemøbler og juletre
  • Isopor (EPS)
  • Skumgummi
  • Kontaktlinser
  • Pillebrett
  • Tannbørste 
     
Reingjering av plastavfallet

All plast som leverast til gjennvinning må vere fri for produktrestar.

Skyl av emballasjen i kaldt vatn, ta om naudsynt ein sveip med oppvaskkosten og rist av vatn før du sorterer.

Å skylje emballasjen i kaldt vatn er nok til å hindra utvikling av lukt frå feks emballasje som har innehalde kylling eller fisk. Er emballasjen veldig skitten, kan du kaste den i restavfallet. 
 

 

Kor kan eg levera plastavfallet?

Du kan levera plastavfall i heile kommunen.

  • Sand - Gåsavika gjenvinningsstasjon
  • Nesflaten - ved sentrumsbygget
  • Suldalsosen - ved reinseanlegget i Prestavikjo
  • Jelsa - ved hytterenovasjonspunkt Holemyrvegen
  • Erfjord - ved off.toalett Hålandsosen
  • Ropeidhalvøya - ved butikken i Vatlandsvåg
  • Vanvik - i krysset Vanvikvegen/Fattnesvegen 
Kva skjer med plasten du sorterar?

På heimesida til Grønt Punkt Norge kan du lesa om kva som skjer med plasten som leverast til gjennvinning.