Støttemur og terrenginngrep
Støttemur, terrenginngrep og drenering
Døme på terrenginngrep kan vere fyllingar av masse, planering, graving, masseuttak, steinbrot eller sprenging av terrenget.
Støttemur er ein konstruksjon i samband med sikring eller opparbeiding av terreng, og kan vere utført i ulike typar materiale.
Kva du kan gjere på eigedommen din kjem an på kva reguleringsplanen for området seier. Kva reguleringsplan som gjeld for eigedommen din finn du på Kommunekart.
Du treng ikkje søkje dersom
- Du set opp ein mindre støttemur med høgd inntil 1,0 m, minst 1 m frå nabogrensa
- Du set opp ein mindre støttemur med høgd inntil 1,5 m, minst 4 m frå nabogrensa
- Tiltaket blir bygd med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg
- Ver merksam på at du må avklare med Teknisk Drift dersom du er nær utvendig, kommunalt ledningsnett
Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom
- Terrengendringa eller støttemuren medfører endringar som er større enn dei som er nemnde over
- Terrengendringa medfører større endringar enn dei som er nemnde over, men kommunen kan frita for ansvarsrett der det ikkje er fare for liv eller fare for skade.
Publisert av Turid Vaage
Publisert 08.06.2018 13.59