Dette gjeld berre for installering, endring og reparasjon av enkle installasjonar. Tiltaket må ikkje endre på berande konstruksjonar og ikkje bryte branncelle.
Du treng ikkje søkje om å
- Setje opp, flytte eller rive ein ikkje-berande vegg innanfor ei branncelle
- Skifte ut eller installere nytt utstyr på eksisterande våtrom
- Installere ny kjøkkenventilator som ikkje blir kobla til ventilasjonsanlegget
- Installere kjølerom
- Installere ny vask i eksisterande bustad som alt har sanitæropplegg
Sist endra 04.01.2023 11.43