Skilt og reklame

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Skilt og reklame

Du treng ikkje å søkje dersom

  • Skilt- og reklameinnretninga er på inntil 3 m2 og innretninga er montert flatt på veggen
  • Du skal setje opp eit verksemdskilt der det ikkje er andre skilt på fasaden frå før
  • Nytt skilt skal erstatte eksisterande skilt som er godkjent av kommunen tidlegare

Lysande skilt er alltid søknadspliktig

Du kan søkje sjølv dersom

  • Skilt- og reklameinnretninga er mindre enn 6,5 m2 montert på vegg, eller med ei høgd på inntil 3,5 m og breidde inntil 1,5 m montert frittståande i terrenget

Ver merksam på

Desse reglane gjeld ikkje plassering av skilt- og reklameinnretningar som kan medføre fare for persontryggleik, og heller ikkje når fleire skilt skal monterast på same stad eller på same fasade.  Til dømes blir montering av skilt på fasade mot fortau rekna som fare for persontryggleik.

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom

  • Skiltet skal oppførast eller takast ned på fasade over fortau eller andre folksomme område
  • Du skal montere eller ta ned fleire skilt på same fasade
  • Skiltet er større enn 6,5 m2, høgare enn 3,5 m og breiare enn 1,5 m