Garasje, bod, leikestove eller liknande

Garasje, bod, leikestove eller liknande

Desse tiltaka er frittliggande bygningar for oppbevaring av m.a. utstyr og dei skal ikkje brukast til varig opphald. Reguleringsplanen bestemmer kva du kan gjere på din eigedom, sjå kommunekart.

Du treng ikkje søkje dersom

  • Samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 50 m2 (Men hugs å sjekke kva reguleringsplanen for området seier, m.a. om tillate BRA/BYA på eigedommen og maks utnyttingsgrad. 
  • Det er over 1 meter til nabogrensa.
  • Tiltaket vert bygd med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg. Kor nær du kan plassere bygningen avheng av når reguleringsplanen for eigedommen din blei vedtatt.
  • Maks gesimshøgde er 3,0 meter og maks mønehøgde er 4,0 meter.
  • Bygningen er frittliggande, i ein etasje og utan kjellar.
  • Du ikkje overskrid kor mykje som er lov til å byggje på eigedommen din. Dette finn du i reguleringsplanen.
  • Bygningen ikkje blir plassert over vatn- og avlaupsleidningar.

Kommunen skal ha tilsendt teikning og kart som syner plassering plassering når tiltaket er ferdig, slik at det kan matrikkelførast.

Du må søkje med hjelp frå ansvarleg søkjar dersom

  • Bygningen er over 70 m2 eller den skal brukast til varig opphald.