Antenne

Du treng ikkje søkje dersom

  • Antennesystemet har ei høgd på inntil 5,0 m
  • Parabolantenne er inntil 1,2 m i diameter
  • Panelantenne montert på vegg har ei høgd på inntil 2 m
  • Omfattar ikkje plassering av antennesystem som kan medføre fare for persontryggleik eller når fleire antennesystem skal plasserast på same stad eller på same fasade. Det er tillaten med fleire antenner på same feste/stativ

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom

  • Antennesystem og parabolantenne er større og høgare enn nemnt ovanfor