Generell informasjon

Plan- og bygningslova inneheld reglar for byggesaksbehandling,  kva som er søknadspliktig og kva som kan byggjast utan søknad. Nokre tiltak er søknadspliktige, men du  kan søkje og utføre byggjearbeidet sjølv, medan andre  tiltak krev at du må ha ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande og utførande.

Dersom du går med byggjeplanar, klikk deg inn på boksen «Kva skal eg byggje».  Der finn du litt konkret informasjon om dei ulike tiltaka.


Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har skjema/blankettar for dei ulike tiltaka. Desse finn du på nettsida deira:  
 https://dibk.no/saksbehandling/byggsok/Byggesaksblanketter/


Eksempel på skjema i ei byggesak 

• Byggblankett 5153 - Søknad utan ansvarsrett
• Byggblankett 5154 - Nabovarsel
• Byggblankett 5155 – Opplysningar gitt i nabovarsel
• Byggblankett 5156 – Kvittering for nabovarsel
• Byggblankett 5158 – Melding om bygning eller tilbygg som er unnateke søknadsplikt

Nabovarsel

Naboar skal varslast før innsending av søknad. Søkjar må gi ein frist på minimum 2 veker for merknader til nabovarselet. Kommunen skal ha kvittering for nabovarsel. Merknadar sendast søkjar.

Nabovarselet er berre gyldig eit år.

For alle søknader om tiltak, og innmelding av ikkje søknadspliktige tiltak

Ved innsending til kommunen, legg ved
• Situasjonsplan - målsett
• Målsette teikningar 

Ferdigattest for alle søknadspliktige tiltak

I plan- og bygningslova går det fram at alle søknadspliktige tiltak har krav om ferdigattest. Det er tiltakshavar eller ansvarleg føretak som skal sende inn søknad om ferdigattest. Ferdigattesten er dokumentasjonen på at tiltaket er oppført i samsvar med løyve som er gitt etter plan- og bygningslova. Kommunen kan med det avslutte saka.