Dispensasjon

Dispensasjon

Dersom byggeplanane dine ikkje samsvarar med føresegnene i gjeldande plan der tomta di ligg (reguleringsplan/detaljplan/kommuneplan), kan du søkje om dispensasjon frå plan.
Dispensasjon er omtalt i Kap. 19 i plan- og bygningslova.

Følg denne lenka til Direktoratet for byggkvalitet


Døme på saker der du må søkje om dispensasjon:

  • Alle tiltak på eigedommar som i kommuneplanen ligg i LNF-område og samstundes  i 100-metersbeltet i strandsona
  • Tiltak som ligg i LNF-område, men utanfor strandsona,  og som ikkje har unnatak som følgje av føresegnene i kommuneplanen – (link til føresegnene i kommuneplanen)
  • Tiltak som er i strid med føresegnene i gjeldande reguleringsplan/detaljplan for området der eigedommen ligg
  • Dersom tiltaket ikkje oppfyller krava i TEK 10/17.

Korleis søkje om dispensasjon

Søknaden kan skrivast på vanleg brevark og må grunngjevast. Du må leggje ved målsette teikningar av tiltaket og plassere det på situasjonsplan, som også skal vere målsett.  Søknad om dispensasjon må nabovarslast, jf. som for byggesak.  


Korleis er saksgangen i ei dispensasjonssak

  • Dersom kommunen er positiv til søknaden og vil gå inn for den, blir saka sendt Fylkesmannen og Fylkeskommunen (og evt. andre høyringsinstansar) for uttale.  Det kan gå eit par månader før me får tilbakemelding. I hovudregel rettar kommunen seg etter tilbakemeldingane. Så dersom dispensasjon blir fråråde av regionale styresmakter, er det straks ei vanskelegare sak å få gjennom.
  • Dersom kommunen ved mottak av dispensasjonssøknad ser at dette ikkje er noko me kan gå inn for, blir søknaden avslått.  Eventuelt blir det tatt kontakt med søkjar for endring av søknad. 

Klagerett

Søkjar har klagerett på alle enkeltvedtak gjort av kommunen.  Det er Statsforvaltaren som er klageinstans.  Klagefrist er 3 veker frå mottak av melding om vedtak.

Kart

Kart