Trygge foreldre - kurs

Trygge foreldre - kurs

Tryggleikssirkelen handlar ikkje om å bli perfekte foreldre. Godt nok er eit viktig bodskap i dette kurset.

Circle of security kurs - Klikk for stort bileteCOS Circleofsecurity.net

Velkomne til foreldrekurset COS-P

Circle of Security – Parenting (COS-P) er eit foreldrerettleiingsprogram som er basert på 50 års forskning innan tilknytningsteori. Kurset passar for alle. Du treng ikkje å oppleva at foreldrerolla er vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt for å delta.

I kurset vil du bli kjent med tryggleikssirkelen, ein modell som kan hjelpa deg til å sjå og forstå barnet ditt sine behov og signal, og til å bli tryggare på korleis du kan møta barnet ditt i heile spekteret av følelsar.

 

På kurset blir det lagt vekt på korleis du kan:

  • observera, tolka og møta barnet sine behov
  • hjelpa barnet til å regulera eigne følelsar
  • handtera utfordrande situasjonar ved å være større, sterkare, klokare og god
  • takla eigen frustrasjon i møte med barnet

 

Kva møter deg på kurs?

Du vil i løpet av kurset vera i gruppe med fleire andre foreldre. På kvar samling vil de sjå filmopptak av andre foreldre og barn. Filmane vil vera utgangspunktet for vidare samtalar i gruppa. Du vel sjølv kor mykje du vil dela av dine eigne tankar og erfaringar.

 

Kven er kurset for?

Kurset passar for absolutt alle foreldre med barn i alderen 0-6 år. Du kan delta som foreldre åleine, eller med begge foreldre. Dersom barnet har fleire foreldre er det også greit at fleire deltar. 

 

Praktisk informasjon

  • Kurset er gratis
  • Kurset er for deg som har barn i barnehagealder 0-6 år
  • Foreldre frå heile kommunen er velkomne til å delta
  • Påmeldingsfrist er 5. januar 2024
  • Det er første mann til mølla for påmelding. Kurset kan bli avlyst ved for få påmeldte
  • Du deltar på 8 samlingar frå kl. 15-16.30. Første kursdag er 16. januar
  • Du møter i Vinjar barnehage på Suldalsosen
  • Anne Lise Pedersen og Linda Mehus Rugland er kurshaldarar. Begge er familieterapeutar og sertifiserte COS-P- kurshaldarar.

 

Våren 2024 er samlingane på følgjande datoar:

  • 16. januar
  • 23. januar
  • 30. januar
  • 06. februar
  • 13. februar
  • 20. februar
  • 5. mars
  • 12. mars

Dersom det ikkje passer å delta no, kan du delta på ny kursrekke med oppstart hausten 2024. 

 

Ønskjer du å delta?

KLIKK HER FOR Å MELDA DEG PÅ KURS

Dersom du ønskjer meir informasjon om kurset kan du kontakta kurshaldarane Anne Lise Pedersen eller Linda Mehus Rugland. 

 

FolkOm om tryggleikssirkelen

Gro Helland
E-post
Telefon 90 14 54 46
Mobil 90 14 54 46