Velkommen til Suldal!

Velkommen til Suldal!

Suldal ligg langs Nasjonal Turistveg Ryfylke, to timar frå Haugesund i vest og Stavanger i sørvest. Kommunen strekk seg over totalt 1736 km2, noko som gjer den til den største kommunen i Rogaland og den tredje største på Vestlandet. I Suldal finn du deg i knytepunktet mellom dei høgaste toppane i Rogaland, djupe fjordar, livlege grender, villaks og prisvinnande arkitektur. Suldal kommune fekk i 2020 det prestigetunge merket for Berekraftig reisemål av Innovasjon Norge.

Suldal byr på ei rekke gode opplevingar for naturentusiasten

Her ein kan utforske høge toppar med utsikt over fjord- og fjellandskap, nyte sentrumsnære rusleturar og overnatte ved idylliske turisthytter. Ein kan også realisere draumen om å fange storlaksen, besøke Noregs eldste laksestudio og utforske ei rekke ulike jaktområde. I vintersesongen finn ein milevis med skiløyper, skitrekk og skileik i Gullingen-området.

Kommunen står for over 8% av årleg kraftproduksjon i Noreg, som eit resultat av ei rekke kraftutbyggingar i kommunen. Dette har sett sitt preg på kommunen i form av stor ingeniørkunst og kraftarkitektur. Arkitekturrundturen Suldal-Sauda-Røldal har den beste samlinga av arkitektoniske verk i Fjord Noreg. I sommarsesongen kan du ta deg ein tur til Blåsjø som er Noregs største damanlegg.

Grendene i Suldal byr på det gode kvardagslivet med fine rusleturar, travle båthamner og idylliske badeplassar. I kommunesenteret Sand kan du besøke dei lokale kafeane og butikkane våre som ligg i kvite trehus tett på Sandsfjorden. På Sand finn ein også folkebadet Suldal Bad, kulturhus, badestrand og museum. Suldal har fleire gonger blitt kåra til Rogalands kulturkommune.

Til deg som er hytteturist

Hytteeigar i Suldal (kjem)

 

Til deg som turist

Visit Suldal

Kva skjer i Suldal? 

Berekraftsarbeid

Ryfylkedagane

Loypekjoraren på Gullingen

Kulturhus

Suldal Bad

Miljøstatus Suldal