Klypetjørn byggefelt
Tormod Hoftun
Leige for å eige
Å flytta til ein ny kommune kan vera eit usikkert, stort steg. For å gjera det enklare for nye innbyggarar vil me i åra framover tilby konseptet «Leige for å eige».
Det betyr at me byggjer bustad for utleige, som me kan selja til leigetakar om du trivst og ønskjer å bu vidare i same bustad.
Båtplass
Er du glad i båtlivet? I nokon av grendene kan du få med båtplass i leigeavtalen - Leige for å eige.
Tomtepris
Er du klar for å kjøpa tomt og byggja hus? Ingen problem!
For at det skal vera mindre risiko ved å kjøpa bustadtomter har me i 2023 ein makspris på 550 000 kroner for bustadtomter som kommunen har opparbeida. I tillegg kjem det ein kvadratmeterpris på 30 kroner per m2.
Flytebrygger
Det er fleire flytebrygger med båtplass hos oss, og fleire skal det bli. Me har nemleg lagt inn støtte til brygger på Nesflaten og Vatlandsvåg i budsjettet.
Laksefiske og småviljakt
Me er ein stor kommune med mykje variert og vakker natur. Er du interessert i jakt eller fiske er dette den perfekte kommunen for deg.
Me eig eit vald med lakserett og areal på heia, i samarbeid med Suldal jakt og fiskelag ønskjer kommunen å nytta dette til å rekruttera nye tilsette og innbyggarar.
I tillegg har me gitt støtte til restaurering av jakthytte på Grotdalsneset. Denne er tilgjengeleg for alle innbyggarane våre, med lik pris for alle som har bustadsadresse i kommunen.
Skog
Fotograf Elisabeth Bjørkhaug
Straumstøtte og energieffektivisering
Me er ein kraftkommune, og tek berekraft på alvor. Me har ein raus tilskotsordning til energieffektivisering til både innbyggarar og næringslivet. I tillegg ønskjer me at det skal vera trygge rammer for næringslivet og tilbyr difor straumstøtte til bedrifter i tillegg.
Ryfylkemuseet
Me er ein stolt vertskommune for Ryfylkemuseet, og gir årleg driftsstøtte og utviklingsstøtte. Dei siste åra har me blant anna gitt støtte til restaurering av MS Suldal som er eit dampskip frå 1884 og arbeid med vern om bygningar og tradisjonshandverk.
Rygjatun og Toppvolley
Dei gamle folkehøgskulebygningane på Eide har husa toppvolleyelevar sidan 2004. Toppvolley har trena fram spelarar i verdsklasse, samtidig som det også har ringverknader i nærmiljøet gjennom aktivitet, arbeidsplassar og innkjøp. No trengs det ein oppgradering av internatet. I samarbeid med Rogaland fylkeskommune finansierer me nytt hybelbygg og trenarleilegheiter.
Nærmiljøtiltak på Prestavikjo
Prestavikjo er eit område med kunstgrasbane på Suldalsosen. Suldal idrettslag har fått støtte til eit spennande prosjekt, for å utvikla området rundt som skal gje eit tilbod til dei fleste.
Bål
Jarle Lunde
Skiløyper
Ved Mosvatnet er det flotte skiløyper med kunstsnø som Suldal idrettslag held ved like. Som følgje av høg straumpris har det vore krevjande å stå for snøproduksjonen for idrettslaget. Me gir difor driftstøtte, og håpar på meir snø.
Nærmiljøkart for Gullingen
Gullingenområdet er ein viktig inngangsport til vårt eventyrlege fjellandskap. Me gir Suldal O-lag økonomisk støtte til eit nytt kart som kjem alle til gode.
Fleire lærlingar
I framtida treng med fleire hender, og det tek me på alvor. Difor har me auka lærlingplassane frå 10 til 15 i 2023.
Framtidas kommunesenter
I tillegg til alt dette er me ein aktiv og framtidsretta kommune med mange spennande framtidsplanar. Me ønskjer å utvikla oss vidare og auka attraktiviteten for fastbuande, besøkjande og moglege tilflyttarar. Difor har me visjonar og ambisjonar for eit sterkt kommunesenter på Sand.