Meld interesse for jobb

Meld interesse for jobb

Ønskjer du å jobba i Suldal kommune? Så kjekt. 

Me er alltid på leit etter nye tilsette med kunnskap og kompetanse som kan bidra til at me kan levera god kvalitet i tenestene våre. 

Sand skule - Klikk for stort bileteTilsette skule Fotograf Nordtveit

Ledig stilling

For å få jobb hos oss må du søkja på ein av dei ledige stillingane våre. 

 

Interessemelding

Dersom me ikkje har ledig stilling som er aktuell for deg, kan du kontakta oss via skjemaet under. 

Dette er ikkje ein jobbsøknad, men ein melding til oss om at du er interessert i jobb. 

Dersom du har ein kompetanse me er ute etter, kan du bli kontakta dersom det blir lyst ut ledig stilling som me meiner du kan vera ein aktuell kandidat for.  Me anbefaler deg uansett alltid å følgja med på ledige stillingar, og søkja - uansett om me ikkje har kontakta deg. 

 

Er det ei stund sidan du sendte oss ein interessemelding? 

Me ser gjennom meldingar som er sendt inn det siste året. Dersom det er over eit år sidan du sist meldte interesse til oss, anbefaler me deg å senda inn melding på ny. 

 

Suldal kommune som arbeidsgjevar

Det er viktig for oss å ivareta våre tilsette, og med det mange gode grunnar for å velge Suldal kommune som arbeidsgjevar. Det kan du lese meir om på denne sida.