Korleis søkje på ei stilling?

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Korleis søkje på ei stilling?

Kort fortalt

  • Vel stillinga du vil søka på og trykk på "send søknad"
  • Les og godta personvernvilkåra. Trykk neste. 
  • Last opp ein CV som vedlegg i første feltet. Easycruit les informasjonen frå dokumentet og legg det inn i skjema. Du må gå gjennom å kvalitetssikra informasjonen. Dersom du ikkje har ei CV-fil kan du skriva inn informasjonen manuelt.
  • Du treng ikkje logga inn på noko som helst tidspunkt dersom du ikkje ønskjer. Berre trykk deg vidare.

 

Må eg oppretta ein brukar?

Du treng ikkje oppretta brukar, men kan viss du ønskjer det. Når du kjem til punktet for "innlogginsinformasjon" i søknadsprosessen kan du trykke på "oversikt og registrering" viss du vil fortsetta utan innlogging

Eg vil oppretta brukar

  • Ved å registrera brukarnamn og passord gjer du det muleg å bruka CV-en din til å søka på andre stillingar som blir utlyst (søknad og CV vil bli lagra i seks månadar)
  • brukarnamn og passord kan ikkje vera like/identiske
  • Passordet må var 8 teikn langt, ha både små og store bokstavar, minst eit tal og eit spesialteikn
  • Hugs å senda søknad når du er ferdig

CV frå utgått system (rekruttering)

Dersom du har ein søknad du har byrja og lagra kan du logga inn med brukarnamn og passord for å finna den att. Suldal kommune gjekk over til ny rekrutteringsløysing i desember 2020 og du finn ikkje informasjonen frå tidlegare system. Dersom du har ein CV lagra i førre system kan du ta kontakt med Servicetorget.

Skal eg legge ved attestar og vitnemål?

Du kan legge ved attestar og vitnemål, men me ønsker likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Korleis søkjer eg på intern stilling?

Interne stillingar kan du søke på dersom du allereie har ei fast stilling eller eit vikariat i kommunen. Du kan søke på desse stillingane gjennom intranett, eller her på heimesida.

Viss du har problem kan du ta kontakt med Organisasjon og innbyggarkontakt på tlf. 52 79 22 00.