Jobb i Suldalsbarnehagane

Jobb i Suldalsbarnehagane

Me ønskjer å styrka pedagogtettleiken i Suldalsbarnehagane, og ser etter barnehagelærarar som har rom for alle, og blikk for den enkelte. Dersom du i tillegg har vidareutdanning innan spesialpedagogikk – er me særleg interessert i å ta ein prat med deg.

I Suldalsbarnehagane er det ca. 220 barn fordelt på 7 barnehagar.

Unike barnehagar

Barn les bok - Klikk for stort bileteBarnehage Fotograf Elisabeth Bjørkhaug

 

Være sammen barnehagar

Me tilbyr barnehagelærarane våre ein aktiv og trygg arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Alle barnehagane er unike, med kvar sine styrker – og alle er del av kvart sitt utviklingsløp. Suldalsbarnehagane er fagleg oppdaterte barnehagar.  Alle er blant anna «Være sammen barnehagar», som jobbar etter den autoritative pedagogikken.

Barn på sykkel - Klikk for stort bileteBarnehage Fotograf Elisabeth Bjørkhaug

 

Kompetanseheving

Barnehagane har lærande møter, og du som tilsett får engasjera deg på  ein aktiv måte.   

Me satsar på barnehagelærarane våre og derfor er kompetanseheving i form av både etter- og vidareutdanning viktig. I tillegg til å prioritera søkjarar til den nasjonale støtteordninga Kompetanse for kvalitet er det er mogleg å søkje AMU (arbeidsmiljøutvalet) om støtte til vidareutdanning.

Visjon

 

Mål for kunnskapssamfunnet Suldal kommune: 

Alle barn og unge i Suldal opplever læring og meistring i eit trygt og inkluderande miljø kvar dag.

 

To tilsette på arbeid - Klikk for stort bileteTilsette i drøs

Kvifor bør du som er barnehagelærar søkja deg til Suldalsbarnehagane?

  • Suldal kommune arrangerer «Me bryr oss konferansen» kvart år. Suldal er ein BTI-kommune, som jobbar for betre samhandling for barn, eller i ein familie. Hjå oss blir du rusta til å bry deg på ein trygg og god måte.
  • Suldal har 7 barnehagar, ei i kvar av kommunen sine 7 grender. Det er difor stor sjans for at du kan jobba nær heimen din.
  • Du vil få høve for utvikling og vidareutdanning
  • Kommunen er framoverlent og utviklingsorientert
  • Det er gode rammer og moglegheit for innovasjon
  • Suldal kommune har gode stipendordningar
  • I Suldal kommune er det trygge og gode oppvekstvilkår for familiar
  • Du som kjem flyttande til Suldal kommune får rett til barnehageplass utanom barnehageopptaka.

 

Kor finn du ledige stillingar?

​I mars og september kvart år kjem ei felles utlysing av ledige barnehagelærarstillingar i Suldalsbarnehagane. Kvar av barnehagane søkjer også etter barnehagelærarar ved behov i løpet av året.

Dersom me har ledige stillingar finn du dei her.

Om du lurer på korleis det er å jobba i Suldasbarnehagane, kan du kontakta Britt-Elin Håranes som er rådgjevar i Stab oppvekst.

Helsing frå rådgjevar oppvekst - Britt-Elin Håranes

Er du på jakt etter ein meiningsfull jobb? Ønskjer du ein jobb der du kan gjere ein skilnad? Då kan du vere den rette for oss.

I Suldal ønskjer me oss barnehagelærarar som har rom for alle, men blikket for den enkelte. 

Velkommen til oss.

Helsing Britt-Elin

Britt Elin Håranes
Rådgjevar oppvekst
E-post
Telefon 40 48 22 26
Mobil 40 48 22 26