Elbilladar - Gullingen og Suldal bad
I Suldal er det eit yrande hytteliv, og hyttesuldølen er ein viktig del av kommunen vår. Hyttesuldølen har etterspurt ladepunkt for el-bil ladar på Gullingen, noko me synes er ein super ide`. I tillegg ser me at det er behov for eit nytt ladepunkt ved Suldal bad. Dette ønskjer me å realisera.
Det er også fleire innbyggarar som køyrer el-bil, difor støtter me nye ladestasjonar på Sand, og ser på nye moglegheiter for ladestasjonar i grendene.
Energitiltak
Me gir fleire typar tilskot til energieffektivisering, noko som har blitt ein suksesshistorie i Suldal.
Me dekkjer opptil 50% av utgifter til varmepumpe til innbyggarar, næringsliv og hytteeigarar, medan personar i ein økonomisk utfordrande situasjon får dekka opp mot 90% av kostnadane. Innbyggarar og næringsliv kan i tillegg få tilskot til å installera solceller, etterisolera tak og vegger eller skifta ut gamle ovnar.
Dette gjer at me har ein svært treffsikker ordning for energieffektivisering, som bidrar til at Suldal blir ein meir bærekraftig kommune.
Miljøtiltak i elver og bekkar
Elvane og bekkane skapar liv i Suldal. Me har sett i gang eit spleiselag for å få i stand miljøtiltak i fleire elvar og bekkar.
Solcelletak
Makalause tenester til innbyggarane krev at me brukar straum. For å gjera dette meir berekraftig er det lagt inn midlar til å investera i solcelletak på kommunale bygningar.