Innbyggarpakken

Innbyggarpakken

Det er fint å bu i Suldal kommune, og me planlegg fleire prosjekt med mål om å auka bulyst også i framtida. Innbyggarpakken er ein pakke som syner tiltak som er sett i gang, og som kjem alle innbyggarane i Suldal til gode. 

Framtidas omsorg

For å møte framtidas behov og krav har me sett i gong ei gjennomarbeida satsing. Det skal vera fokus på heimebaserte tenester, men også fornying av omsorgsbygginga. Me er i gong med å byggja ein framtidsretta sjukeheim og me har lagt inn midlar til å fornya Vinjarheim. 

Kulturhuset i Suldal

Kulturhuset har vært ein møteplass for Suldølar og tilreisande frå heile regionen i 20 år. For at dette framleis skal vera eit senter for kultur også i framtida, skal me i gang med å fornya kulturhuset. Me skal også fornya kinomaskinen og lydanlegget. 

Nærmiljøanlegg i tilknytning til Suldal bad

Me er glade for Suldal bad, og ser potensiale for å utvikla området. Difor planlegg me no eit treningsanlegg og pump-track i nærleiken til badet. 

Suldalshallen

Idrettslaga og skulane nyttar Suldalshallen aktivt. Det er viktig for oss at hallen møter behova til innbyggarane, og er i god stand. Difor har me haldt av midlar til å fornya Suldalshallen til framtidsretta bruk. Det er viktig for oss å få tak i dei unike og ulike behova, og det er viktig at me når ut til alle med vår informasjon. 

Lokaldemokrati

Me er til for innbyggarane våre. Det er innbyggarane våre som til slutt og sist skal avgjera korleis Suldal kommune skal styrast.

Me er den største kommunen i Rogaland, med fleire unike grender. Med lokaldemokratiprosjektet ønskjer administrasjonen eit nærare forhold til innbyggarane i grendene.