Lag og organisasjonar

Kilen Vel

Kilen Vel er ein ideell organisasjon som skal ivareta bebuarane i Kilen sine interesser hjå offentlige styresmakter som kommune, fylket, stat, samt hovudeigar av Kilen, G.nr. 60, B.nr. 13, Røldal Suldal Kraft AS. Kilen Vel er registrert i Brønnøysund nr.989 90 3268.

Organisasjonen har ingen tilsette, slik at alt arbeid som vert utført, er basert på dugnadsinnsats.

I bustadområdet Kilen på Nesflaten, er det bygd eit utandørs oppvarma badebasseng som vart overteke frå Røldal Suldal Kraft AS i 2006 og er no eigd av Kilen Vel.

Anlegget skal kunna vera til glede og nytte for busette og besøkjande til Øvre Suldal.


Adresse Kontakt Kategori
Kilen Vel
Kilen
4244 Nesflaten
Olav Martin Skaar
Org.nr. : 989 903 268
Telefon: 91604569
Aktivitetar
Kontaktpersonar