Kulturmidlar

Tilskotsordninga skal stimulere til aktivitet i foreiningslivet i kommunen. Målet er at alle innbyggjarar skal ha eit reelt og inkluderande tilbod om aktivitet i fritida si. Når midlane blir fordelte, blir det lagt særleg vekt på tiltak som bidreg til aktivisering av ulike grupper i befolkninga.

Innhald på denne sida

Kva ønskjer me å oppnå?

Retningslinjene skal bidra til ei føreseieleg, rettferdig og enkel forvaltning av dei kommunale kulturmidlane. 

Gjennom ordninga ønskjer kommunen å:

  • støtte frivillig aktivitet for alle aldersgrupper, med særleg prioritet til barn og unge
  • styrke nærmiljø og levande grendesamfunn
  • sikre lokal medverknad gjennom grendeutval og idrettsråd

Kven kan få tilskot?

Kva type tilskot kan du søkja på?

 

Søknadsfrist og utbetaling

Du kan søkje om kulturmidlar to gonger i året.
 

Søknadsfristar

  • 1. mars – søknadsfrist vår (For våren 2026 er søknadsfristen 14. juni)
  • 1. september – søknadsfrist haust

 

Utbetaling

  • Tilskot frå vårsøknaden blir utbetalte innan 31. mai (For våren 2026 kan du vente utbetaling innan 10. juli)
  • Tilskot frå haustsøknaden blir utbetalte innan 30. november

 

Søknad

Alle søknadar skal sendast inn via kommunen sitt digitale søknadsskjema. Søknaden blir deretter handsama etter gjeldande prosedyrar.
Søknadsskjema finn du her


Kontroll og oppfølging

Suldal kommune har til ei kvar tid rett til å kontrollere:

  • om vilkåra for tilskot er oppfylte
  • korleis tilskotet blir nytta

 

Feil opplysningar og tilbakebetaling

Tilskot som er tildelt på feil grunnlag, kan krevjast tilbakebetalt.

 

Ledsagarbevis

Alle lag og organisasjonar som mottar tilskot frå kommunen, pliktar å akseptere ledsagarbevisordninga.
Dette inneber at ein følgjeperson får gratis inngang ved arrangement, når personen dei følgjer har sjukdom eller nedsett funksjonsevne.

 

Opplysningar om andre kommunale tilskot

For å sikre eit godt og heilskapleg grunnlag for vurderinga, må søkjar gi oversikt over andre kommunale tilskot.
I søknaden skal det kome fram:

  • kva kommunale tilskot søkjaren har motteke det siste året
  • inkludert type tilskot og tildelt beløp
  • om det er søkt om andre tilskot i inneverande år
  • og eventuelt kven det er søkt til

 

Aktivitetsplan

Lag, organisasjonar og forsamlingshus skal leggje ved ein aktivitetsplan saman med søknaden om kulturmidlar.
Aktivitetsplanen skal gi ei oversikt over planlagde aktivitetar gjennom året, og er ein viktig del av grunnlaget for vurdering og tildeling av tilskot.

 

Når du søkjer om tilskot

Alle søkjarar skal som hovudregel leggje ved:

  • årsrapport frå førre år
  • revidert rekneskap frå førre år
  • budsjett og aktivitetsplan for inneverande år

 

Etter at tilskotet er brukt

Alle som får tilskot, skal som hovudregel levere:

  • ein kort og tydeleg rapport om kva midlane er brukte til
  • eit enkelt rekneskap som viser hovudpostane i bruken av tilskotet

 

Unntak - enklare rapportering

Nokre typar tilskot har enklare krav til dokumentarsjon. Dette gjeld:

  • kurs, seminar, meisterskap eller liknande tiltak
  • tilskot til enkeltpersonar eller prosjekt utan fast organisasjonsstruktur
  • små, enkeltståande arrangement eller aktivitetar med kort varigheit
  • søknadar på kr. 5000,- eller mindre

 

For desse er det tilstrekkeleg med:

  • enkelt budsjett og plan for tiltaket
  • kort skriftleg omtale av gjennomført aktivitet
  • enkel oversikt over bruken av tilskotet

 

Viktig å vite

Kommunen kan be om meir dokumentasjon ved behov
Manglande rapportering kan føre til redusert eller bortfall av framtidige tilskot

 

Organisasjonar med underavdelingar

Søknadar frå underavdelingar, grupper eller lokale lag skal sendast via hovudstyret.
Hovudstyret skal prioritere søknadane i rekkefølgje før innsending.

 

Klage

Vedtak som er fatta av grendeutval, idrettsråd eller administrasjonen (etter delegasjon), kan klagast på.
Klage blir handsama av hovudutval for kultur.

Kontakt

Kaspar Nilsen
Leiar
E-post
Telefon 92 22 48 84
Mobil 92 22 48 84
Kaspar Nilsen
Leiar
E-post
Telefon 92 22 48 84
Mobil 92 22 48 84