Tilskot til nærmiljøtiltak
Du kan søkje om støtte til tiltak som gjer nærmiljøet betre. Dette kan vere til dømes leikeplassar, akebakkar, friluftsanlegg eller skateanlegg.
For å få tilskot må
- Tiltaket må vere opent for alle
- Du må eige eller ha disposisjonsrett til arealet
- Plan må vere godkjent av kommunen
Du må leggje ved:
- kostnadsoverslag og finansieringsplan
- teikning/skisse og kart
Les dei generelle reglane om kulturmidlar
Viktig å vite
Du kan ikkje få tilskot til:
- kjøp av areal
- trafikktiltak
- skule- og barnehageområde
- idrettsanlegg
Kjem tiltaket inn under ordninga for spelemidlane, må du legge inn søknaden som eit spelemiddelanlegg på www.anleggsregisteret.no
Inndragning av tilskot
Tildelt tilskot blir inndrege om det ikkje er nytta innan to år etter tildelingsdato. Det må søkjast om utsetjing før fristen for bruk er ute, og leggja fram ein tidsplan for dette.
Søk kulturmidlar
Publisert 22.05.2026 09.38