Kurstilskot

Du kan søkje om støtte til kurs og konferansar som gir leiar- eller instruktørkompetanse.

For å få tilskot må

  • Laget må vere registrert i Suldal kommune
  • Søknaden skal sendast av lokalavdelinga
  • Kurset må vere relevant for aktiviteten i laget

 

Det blir ikkje gitt støtte til:

  • årsmøte og landsmøte
  • treningsleirar og leirverksemd
  • kurs som gir yrkesretta kompetanse

Les dei generelle reglane om kulturmidlar


Viktig å vite

  • Du bør først søkje støtte gjennom vaksenopplæringslova der det er mogleg
  • Det blir ikkje gitt kommunalt tilskot dersom kurset får statleg støtte

 

Du må leggje ved:

  • kursprogram
  • deltakarliste
  • rekneskap og bilag

 

Du kan søkje støtte til:

  • Kurs lokalt: inntil 50 % av underskot
  • Kurs på fylkes-/kretsnivå: inntil 50 % av reise (25 % over 25 år)
  • Kurs nasjonalt: inntil 50 % av reise og kursavgift (25 % over 25 år)

 

Ulike kurstilskot


Korttids- og helgekurs

Arrangerande lag kan søkja. Det blir gitt inntil 50% av nettoutgiftene (underskot) ved kurset.


Kurs på fylkes- / kretsplan

Inntil 50% dekning av reiseutgifter (etter billigaste reisemåte) for inntil 2 deltakarar frå same lag. For deltakarar over 25 år er dekninga inntil 25%. 


Kurs og konferansar på landsplan

Inntil 50% dekning av reiseutgifter (etter billigaste reisemåte) og kursavgift for inntil 2 deltakarar frå same lag. For deltakarar over 25 år er dekninga inntil 25%. 

Søk kulturmidlar

Kontakt

Kaspar Nilsen
Leiar
E-post
Telefon 92 22 48 84
Mobil 92 22 48 84