Eit viktig kunnskapsgrunnlag for politiske val
Kommunalsjef for oppvekst, Svein Carlos Gjil, og rådgjevar for helse og oppvekst, Tore Bastlien Dahl, viser til at rapporten no gir eit viktig felles utgangspunkt for den vidare saksbehandlinga.
– Rapporten frå Norconsult gir kommunen eit breitt og grundig kunnskapsgrunnlag som vil vera viktig i den vidare vurderinga av barnehage- og skulestrukturen i Suldal, seier kommunalsjef Svein Carlos Gjil.
Djupnanalysar av barns beste, tryggleik og framtidig struktur
Rapporten frå Norconsult går i djupna på tema som barns beste, trygge skulevegar og transport, tilgang på kompetanse og faglege profesjonsfellesskap, samt dei demografiske og økonomiske realitetane Suldal kommune står overfor. Utgreiinga analyserer korleis ulike strukturalternativ påverkar både kvaliteten i barnehage- og skuletilbodet, organiseringa av tenestene og kvardagen til barn, elevar og familiane deira.
Etterprøvbar kunnskap gir betre grunnlag for val
– Kunnskapen me no har fått på bordet er etterprøvbar og viser tydeleg konsekvensane av dei ulike alternativa, seier rådgjevar Tore Bastlien Dahl.
– Dette er avgjerande for at me skal kunna gjera gode prioriteringar og sikra eit trygt, likeverdig og fagleg godt tilbod for alle barn og elevar i kommunen.
Vidare politisk handsaming
Saka vert no førebudd for vidare politisk handsaming i kommunen sine organ.
- 3. juni vert det gitt status i utval for levekår.
- 18. juni skal kommunestyret ta endeleg stilling til saka og gjera vedtak.
Les rapportane her
Oppsummerande rapport - vidare utgreiing barnehage- og skulebruksplan Suldal kommune (PDF, 5 MB)
Prissette konsekvensar skule (PDF, 767 kB)
Alternativsvurdering alternativ 5 og 6 (PDF, 399 kB)
Minimumsstandardar for reelle alternativ (PDF, 5 MB)
Folketal, arbeidsplassar og attraksjon (PDF, 2 MB)
Berekraftmål 4 - god utdanning (PDF, 897 kB)
Kommuneøkonomi (PDF, 389 kB)
Berekraftsmål 11 (PDF, 525 kB)
Erfaringar frå referansekommunar (PDF, 2 MB)