Du som jobbar med næringsliv og reiseliv er ein av dei som kjenner Suldal best frå innsida.
Difor inviterer me deg til eit innspelsmøte der me saman utforskar kva Suldal er og kva det kan bli. Innspela frå deg og dei andre deltakarane vert ein direkte del av grunnlaget for den nye merkevareplattforma til Suldal.
Dette handlar ikkje berre om Suldal sitt omdømme, det handlar om moglegheita di til å rekruttere, tiltrekke kundar og besøkande og vere ein del av ei felles forteljing om Suldal.
Dato: Onsdag 4. november 2026
Tid: kl. 09.00–11.30
Stad: Kulturhuset i Suldal
Servering: Lunsj vert servert frå kl. 11.30
Påmelding: Meld deg på innan 28. oktober. Maks tre personar frå kvar bedrift. Skriv kva bedrift du representerer når du melder deg på til mail: postmottak-suldal@suldal.kommune.no
Skriv om du vil ha lunsj og evt. alleregiar.
Me gler oss til å høyre frå deg!
Trykk her for å sjå meir om arbeidet med å utvikle ei ny og meir samlande merkevare for Suldal