Sal av festklede
Suldalsposten, Nora Bogetvedt Jenssen
Ballkjolar er ikkje kvardagsantrekk
-Ballkjolar er ikkje kvardagsantrekk, men klede som kanskje berre har vore brukt ein gong - seier avdelingsleiar ved ungdomstrinnet, Kristine Bøe Berge.
-Me heiv oss rundt, vel vitande om at me nok dette året er litt seint ute, men ønskjer å setja fokus på gjenbruk og minska kjøpepress! Ikkje minst er det eit viktig miljøaspekt!
Miljøvenleg ball neste år også
Skulen testa dette året ut den nye trenden, som tidlegare har hatt stor suksess på skular “i byn”. Lærar Astrid vart inspirert, og vips var invitasjonane sent ut. Skulen stilte i tillegg med symaskin og skreddarteknikkar, til kleda som trengte litt ekstra kjærleik.
- Me håpar dette kan bli ei årleg tradisjon - seier Kristine.
Tips til ein meir miljøvenleg garderobe
I Noreg kjøper me 70 000 tonn klede i året. Gjennomsnittsnordmannen har 359 plagg i skapet. Produksjonen og forbruk av klede står for 8 % av klimagassutslippene i verda, flytrafikken står for 3%.
Det er fleire ting du kan gjera for å ta betre vare på miljøet.
- Reduser forbruket av nye klede. Kjøp færre plagg, og sats på kvalitet for å spara klima og miljø
- Gi bort, bytt og kjøp brukt. Har du klede i skapet som du ikkje bruker? Selg eller gi dei bort. Arranger ein bytefest.
- Leig og lån istadenfor å eige. Du kan låne klede både til kvardags og spesielle anledningar som bryllup, konfirmasjon, og skuleball anten frå vener, eller ein teneste som leiger ut klede.
- Reparer, sy om og lapp i veg. Har du favorittklede? Gi dei nytt liv ved å reparera dei. Du kan reparera sjølv, eller bruka ein skreddar.
- Reduser klesvaskinga. Eit godt tips er å ikkje vaska kleda før det strengt tatt er nødvendig. Om du vasker kleda unødig ofte, er du med på å avkorte levetida meir enn du treng. Tekstilane blir slitne, og fargane bleikare. I staden for vask kan du henga klede til lufting ute eller vaska av enkeltflekkar når du kan.
- Ikkje kast øydelagte og slitte klede i restavfallet! Frå 1. januar 2025 kan du ikkje lenger kasta øydelagte og slitte klede i restavfallet. Les meir om det, og korleis du skal handtera det på denne sida.