Ny lov
Frå 1. januar 2025 er det altså ikkje lov å kasta tekstilar som kan ombrukast eller gjenvinnast i restavfallet. IVAR Ryfylke informerer på sine nettsider om at du kan levera dette inn i pose eller sekk på gjenvinningsstasjonen på Sand.
Utslitte og øydelagte tekstilar som ikkje eignar seg til ombruk vil bli levert vidare til aktørar som lagar ny tråd eller garn av tekstilane.
Kva kan du levera inn?
Tekstilar, klede og sko må vera reine, tørre og utan lukt når du leverer dei. Dei må heller ikkje vera tilgrisa av kjemikaliar og maling.
Du kan levera inn:
- Klede med flekkar som ikkje går av i vask
- Utslitte klede eller klede med hol i
- Tynnslitt sengetøy og handklede
- Øydelagte, enslege eller utslitte sko
- Fillete, flekkete eller misfarga bukser, gensarar, skjorter, skjørt og kjolar
- Klede som med enkle reparasjonar kan gå til ombruk kan du og levera som øydelagte tekstilar
Kva med brukbare tekstilar, klede og sko?
Brukbare tekstilar, klede og sko som andre kan ha glede av, kan du levera på gjenvinningsstasjon, eller i boksar som tekstilinnsamlarar har plassert ut mange stader.
Spørsmål?
Du kan kontakta IVAR Ryfylke dersom du har spørsmål.