Eit år med språk og læring på kulturhuset - Suldal kommune heimeside

Eit år med språk og læring på kulturhuset

Prosjektet Kulturkafèen er no avslutta.

2. mars 2026, eitt år etter opninga, avslutta Introsenteret prosjektet Kulturkaféen og drifta som praksisbedrift. Kulturkaféen blei etablert som ei praksisbedrift der deltakarar i introduksjonsprogrammet kunne få språkpraksis, arbeidserfaring og eit trygt læringsmiljø midt i hjarta av Kulturhuset.

Tilsette ved kulturkafèen - Klikk for stort bileteMykola Selivanov og Olena Dych skal driva kafèen vidare. Helena Moe Høines, Suldal kommune

Frå idé til språksatsing

Då kulturkaféen var i drift, fortalte me historia «Ein tom kafé, eit behov, ei språksatsing». Språksatsinga starta som eit ubrukt kjøkken, mangel på praksisplassar og ein idé frå Helena og kollegaene hennar på Introsenteret.
Den gongen møtte me Helena midt mellom kaffekoppar og kundar. Ho fortalde engasjert om at det på Kulturkafèen blei det servert både mat, språk og menneskemøte. 
Det er språklæringa som er viktig her, ikkje berre matlæringa, sa norsklærar Jan Einar den gongen.

 

Kvifor blir prosjektet avslutta?

Gjennom det siste året har situasjonen endra seg, og grunnlaget for vidare drift er ikkje lenger det same. Introsenteret peikar på fleire orsaker:

  • Behovet for praksisplassar er ikkje like stort som då prosjektet starta
  • Færre aktuelle kandidatar
  • Fleire deltakarar har gått vidare frå praksis til jobb
  • Manglande ressursar til dagleg oppfølging og kafédrift

Samanlagt gjer dette at prosjektet no er naturleg å avslutte, sjølv om erfaringane har vore gode.

 

Mål som blei oppnådd

Det har på fleire måtar vore eit vellukka integrerings- og språkprosjekt. Mellom anna er desse måla nådd:

  • Alle deltakarane fekk relevant språkpraksis og erfaring frå norsk arbeidsliv
  • Jamn vekst i kundebesøk og bestillingar
  • Kulturhuset fekk eit stabilt og fungerande kafétilbod
  • Prosjektet gjekk i økonomisk pluss
  • Kaféen blei ein trygg og meiningsfull møteplass for minoritetsspråklege
  • Tett samarbeid med Kulturhuset, NAV og Suldal Frivilligsentral
  • Prosjektet gav verdifull erfaring med tverrfagleg samarbeid og utvikling av integreringstiltak

 

Vegen vidare

Sjølv om prosjektperioden er over, lever resultata vidare:

  • To tidlegare praktikantar har fått arbeidsavtale og deltidsstillingar i kommunen
  • Erfaringane frå Kulturkaféen blir tekne med vidare i utviklinga av framtidige tiltak
  • Kulturhuset har no eit grunnlag for vidare kafédrift og publikumstilbod

 

Prosjektet Kulturkaféen viser at initiativ kan gi store ringverknader - for fellesskapet og for den enkelte sin veg inn i arbeidslivet.
Introsenteret vil gjerne samarbeide med fleire verksemder som ønskjer å tilby språkpraksis. Er du interessert? Ta kontakt med Introsenteret.
 

Kontakt

Introsenteret i Suldal
Telefon 52 79 23 88