Bestill time på telefon 52792300
Du kan også bestilla time via SMS
SMS må ikkje nyttast ved behov for akutt helsehjelp.
Start tekstmelding med SULDAL + fødselsdato, namn og kva det gjeld. Send til 2097.
Når sms er sendt får du ei stadfesting på SMS. SMS-meldingane til legekontoret blir lese før alminnelig opningstid og behandlingstid er 3-5 virkedagar.
Ved behov for helsehjelp utanfor arbeidstid: kontakt legevakt på telefon 116 117. Ring 113 for augeblikkeleg hjelp.
Få helsehjelp utan å møte opp på legekontoret
Ein e-konsultasjon er ein tekstsamtale med lege. Du kan gjennomføra samtalen på pc, nettbrett eller telefon.
Tenesten er blant anna nyttig når du ønsker svar på
- enkle spørsmål om kjente sjukdomar
- enkle spørsmål om medisinering.
Det er også mogleg å lasta opp bilde.
Suldal legekontor anbefaler at du bruker denne tenesten når det ikkje er behov for fysisk oppmøte. Ikkje bruk e-konsultasjon i akutte situasjonar. Dersom du ikkje har frikort må du betala eigenandel ved bruk av e-konsultasjon.
Logg inn på helsenorge.no for å starta e-konsultasjon
Ved hjelp utanfor arbeidstid: kontakt legevakt på telefon 116 117. Ring 113 for augeblikkeleg hjelp.