Laks i fossen
Suldal Foto
Nasjonalt laksevassdrag og laksefjord
Suldalslågen er eit nasjonalt laksevassdrag, Sandsfjorden ein nasjonal laksefjord. Ordninga med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar blei vedteke av Stortinget i 2007. Suldalsvassdraget og Sandsfjorden er blant dei viktigaste områda i landet der laksebestandane skal gis eit særleg vern.
Landskap med stor verdi
For å finne kjeldene til Suldalsvassdraget må ein inn i Valldalen og Vivassdalen på dei sørlege delane av Hardangervidda. Omlag 100 km etter endar elva i den buldrande Sandsfossen. Suldalslågen er eit 22 km langt elvestrekke frå Suldalsvatnet til Sandsfjorden. Gjennom tida har elva saman med isbrear ført med seg store mengder lausmassar og danna store sletter i dalføret. Her finn ein i dag gardar og eit intensivt, men variert jordbrukslandskap. Her er og eit stort utval av synlege og godt bevarte kulturminne. Dette er kverner, tørkehus, stamper, vasshjul, bruer med meir. På begge sider av dalføret finn ein bratte skoglier og fjellsider med markerte toppar. Alt dette skaper eit variert og vakkert natur- og kulturlandskap av stor verdi. Suldalsvassdraget er påverka av to større vasskraftutbyggingar: Røldal-Suldal og Ulla-Førre.
Jordbruk, industri og sur nedbør
Elvelandskapet langs Lågen er oppdyrka, ofte heilt ned til elvekanten. Fleire stader er viker og mindre elvelaup fylt igjen for å auka jordbruksarealet. I det særprega våtmarksområdet Gåsavika på Sand er det er det etablert eit industriområde etter utfylling og bakkeplanering. Som følgje av sur nedbør, sjøsaltepisodar og naturlege geologiske tilhøve vert Suldalslågen utsett for surt vatn. Det vert difor tilført kalk i vassdraget.
Verna område
Suldalsvassdraget er sterkt prega av menneskeleg påverknad. Samstundes er nedbørsfeltet så stort at det og er store urørte områder. Fleire av desse er verna:
- Dei nordlegaste delane av vassdraget ligg i Hardangervidda nasjonalpark (Ullensvang kommune).
- Kvanndalen og Dyraheio er verna som landskapsvernområde
- Hamrabøvassdraget, eit sidevassdrag aust for Suldalsvatnet, er verna gjennom verneplan for vassdrag
Lågen og fisken
Laks og aure er dei dominerande fiskeartane i Suldalslågen, men også ål, trepigga stingsild og røye finst. Heile elva er fiskeproduserande og ein reknar med at elva har eit overskott av gyteområder for laks og sjøaure.
Frå naturen si side er Lågen ei vintervarm, sommarkald og næringsfattig lakseelv. Gjennom fleire tusen år har suldalslaksen tilpassa seg desse spesielle økologiske faktorane på fleire måtar. Eit særpreg er den seine oppgangen. I andre elver går gjerne laksen opp på forsommaren. I Suldalslågen går det meste av laksen opp i august og september. Årsaka ligg i det høgtliggjande nedbørsfeltet. Der smeltar snøen seint og gir difor høg vassføring og låg temperatur til ut på seinsommaren.
Historisk sett har laksen i Suldalslågen vore stor i forhold til andre stader, men i seinare år har tendensen vore at det har blitt fanga færre storlaks enn før og at delen av laks som berre har vore ein vinter i sjøen aukar. Det er fleire årsaker til dette. I elva skapar endra økologiske forhold grunna vasskraftutbygging og forsuring til problem. I sjøen er lakselus, fiske i fjorden og temperaturen i havet blant dei forholda som gjer at berre nokre få prosent av laksen kjem attende til Lågen.
Det er Suldalslågen forvaltningslag som forvaltar elva. Forvaltningslaget er ei samanslutning av grunneigarar og rettseigarar med fiskerett i Lågen.
Les meir om laks på Miljødirektoratet si side