Fredløs
SNL
Ein trussel mot naturmangfaldet vårt
Ikkje alle blir eit problem, men nokre kan utgjere ein stor trussel mot naturmangfaldet vårt. Invaderande og framande artar kan i verste fall føre til utrydjing av lokale dyre- og planteartar. Det kan innebera konkurranse om dei same ressursane, overføring av sjukdom og negativ påverknad på leveområde.
Kommunen er lokal plan- og miljømyndigheit og har derfor ansvaret for oppfølging av framande arter og lokale tiltak der det er naudsynt.
I følgje registreringar av framande arter i Suldal kommune, er det planter og spesielt ulike hageplanter som utgjer den største trusselen hos oss. Parkslirekne, hagelupin, ulike artar av mispel, fredløs, skogskjegg og rynkerose er eksempel på hageplanter som kan komma ut av kontroll og skada naturmangfaldet. Av andre arter, er brunskogsneglen ein kjent fiende for mange. Desse artene er alle i kategorien “Svært høg risiko” på lista over framande arter.
Aldri dump hageavfall i naturen og utanfor hagar. Dette er ulovleg etter forureiningslova og reknast som forsøpling på same måte som dumping av anna avfall. Alt hageavfall skal enten leverast på miljøstasjon eller handterast som kompost i eigen hage. Dumping av hageavfall utgjer ein stor risiko for at framande arter kjem på avveie og fører til skader i naturen vår.