Tiltak i og langs vassdrag
Alle tiltak i og langs vassdrag kan endre leve- og produksjonsområde for fisk og/eller andre ferskvassorganismar. Tiltak krev i dei fleste tilfelle løyve etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.
Det er Statsforvaltar som behandlar søknad om løyve der tiltak gjeld i vassdrag som fører anadrom laksefisk (laks og/eller sjøaure). Dersom det ikkje er anadrom fisk er det fylkeskommunen som behandlar søknad.
Rettleiing ved søknad om tiltak i vassdrag
Det er og naudsynt og avklare med kommunen om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje etter plan- og bygningslova (terrenginngrep). Spørsmålet om søknadsplikt vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle.
Kantvegetasjon langs vassdrag er beskytta
Kantvegetasjonen er eit landskapselement som har stor betydning for dyr og planter i og langs vassdrag. Vegetasjonsbeltet er òg viktig for å ta opp næringsavrenning, samt som erosjonssikring.
Kantvegetasjonsbeltet er beskytta gjennom vassressurslova § 11, og fjerning av kantvegetasjon langs vassdrag er som hovudregel søknadspliktig. Statsforvaltar er saksbehandlar.
Her finn du rettleiing og søknadsskjema til Statsforvaltar
Grunnleiger er ansvarleg for å oppretthalde kantvegetasjonen.
Kommunen ivaretek kantvegetasjonen i behandling av saker etter forskrift om nydyrking (§ 6).
Rellevant lovverk
Vassressurslova
Forskrift om nydyrking