Me har mykje vatn av god kvalitet i Suldal, men og fleire vassførekomstar som per i dag ikkje har godkjend miljøtilstand. Økologisk og kjemisk tilstand blir påverka av vasskraft, sur nedbør, jordbruk, arealinngrep, fiskeoppdrett, kloakk, forsøpling med meir. I tråd med vassforskrifta blir det arbeida for å betre tilstanden der den ikkje er tilfredsstillande.