Sentralt gitt eksamen (skriftleg eksamen):
- Trekkdag: fredag 16. mai klokka 09:00
- Eksamen i matematikk: tysdag 20. mai
- Eksamen i norsk hovudmål: onsdag 21. mai
- Eksamen i norsk sidemål: torsdag 22. mai (sidemål)
- Eksamen i engelsk: fredag 23. mai
Lokalt gitt eksamen (munnleg eksamen):
- Trekk- og førebuingsdag: tysdag 10. juni
- Førebuingsdag: onsdag 11. juni
- Eksamensdag: torsdag 12. juni
Dato for fastsetjing av standpunktkarakter (alle fag på 10. trinn, mat og helse på 9. trinn og valfag på alle trinn)
- 28. mai. Offentleggjering: tysdag 3. juni
Klage på karakter ved skriftleg eksamen
Dei som har vore oppe til skriftleg eksamen, kan klage på karakteren. Ei klagenemnd som er oppnemnd av Statsforvaltaren, er klageinstans for klagar på fastsetjing av karakter ved skriftleg eksamen. Når det er ein elev som klagar, skal skulen senda klaga og eksamenssvaret til eleven til Statsforvaltaren.
Klagenemnda skal ha tilgang til eksamenssvaret og skal få greie på den opphavlege karakteren, men ho skal ikkje kjenne til innhaldet i klaga. Medlemmane av klagenemnda må ikkje ha vore med i førstegongsbedømminga av eksamenssvaret til klagaren. Klagenemnda kan avvise klaga, stadfeste karakteren eller justera karakteren opp eller ned. Klagenemnda treng ikkje grunngje si avgjersle.
Klage på munnleg eksamen
Ved klage på lokalt gitt eksamen kan ikkje eleven få endra på karakteren, jf. forskrift til opplæringslova §10-8. Eleven kan berre klaga på at det er gjort ein formell feil som har hatt innverknad for eksamensresultatet. Ein formell feil kan t.d. vera at eleven ikkje fekk informasjon om karakter før neste elev startar sin eksamen.
Retningsliner ved klage på formelle feil:
Klagefrist er ti dagar frå det tidspunktet eleven fekk greie på karakteren frå ekstern sensor. Ein eventuell klage skal leverast skriftleg til rektor. Rektor hentar inn uttale frå faglærar og sensor og sender desse saman med klagen og si eiga uttale til Statsforvaltaren i Rogaland, som er endeleg klageinnstans. Eleven skal ha kopi av uttale frå faglærar, ekstern sensor og rektor. Statsforvaltaren si avgjersle er endeleg og kan ikkje klagast på.
Dersom eleven får medhald i klaga, skal karakteren annullerast og eleven har rett til å gå opp til ny eksamen, jf. §9-37. Dersom eleven ønskjer ny munnleg eller munnleg-praktisk eksamen, skal det gjennomførast eit nytt trekk av fag.
Informasjon til elev og føresette om klage på fastsetjing av standpunktkarakter
Kva kan du klaga på?
Du kan klaga på korleis standpunktkarakteren i fag og i orden og åtferd er fastsett. Klageretten gjeld og dersom du ikkje får talkarakter til standpunkt, altså IV. Merk at du ikkje kan klaga på undervegsvurderinga.
Me rådar deg til å kontakta skulen og be om ei grunngjeving for karakteren før du bestemmer deg for å klaga.
Kven kan klaga?
Du som er elev, eller føresett til elevar under 18 år, har rett til å klaga. Er du under 15 år må føresett vera einig i at de skal klaga.
Frist for å klaga
Klagefristen er 10 dagar frå det tidspunktet du eller dine føresette er gjort kjent med karakteren eller burde ha gjort dykk kjent med karakteren.
Slik klagar du
Skriv kva du meiner er feil i fastsetjinga av standpunktkarakteren og kvifor. Skriv under på klagen. Er du under 15 år må også føresette skrive under. Send klaga til rektor.
Kva skjer når du klagar?
Skulen skal først vurdera om dei er einig i klaga. Dersom skulen bestemmer seg for å setja opp karakteren din, eller bestemmer at du skal få talkarakter i staden for IV, får du ei grunngjeving for det. Du får nytt høve til å klaga på eventuell ny karakter.
Dersom skulen ikkje er samd i klaga di, sender dei saka til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren kan avvisa klaga, stadfeste (oppretthalda) karakteren eller oppheva den. Statsforvaltaren vurderer berre om skulen har følgd reglane for fastsetjing av standpunktkarakter.
Elevar kan gå både opp og ned i karakter etter klagehandsaming.
Les meir her: Informasjon til elev og foresatte om klage på fastsettelse av standpunktkarakter | Statsforvalteren i Rogaland