Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge

Suldal kommune har fått innvilga kr 323 056 i tilskot gjennom tilskuddsordninga “Tilskudd til kommunalt forebyggingsprogram for barn og unge 2026”. Målet med tilskotsordninga er å leggja til rette for gode oppvekstvilkår og førebyggja at barn og unge fell utanfor. Tiltaka skal bidra til ein styrka førebyggjande innsats gjennom universelle tiltak retta mot alle barn og unge.

Kommunal plan for førebyggingsarbeid

Denne delen skildrar kort utfordringsbiletet, tiltak, forankringa og stadfestinga av planen, ei kort omtale av ordninga og eit utdrag frå regelverket.

Kort om utfordringsbilete

I oppvekstprofilen for 2026 kan ein lesa at Suldal kommune ligg signifikant høgare enn landsnivået når det kjem til barn i familiar som mottek sosialhjelp. 13 % av barna mellom 0 og 17 år bur i familiar som mottek sosialhjelp. I folkehelseprofilen for 2026 kan ein lesa at talet på 10. klassingar som trivst på skulen, ligg signifikant lågare enn resten av landet. 74 % av elevane i 10. trinn oppgir at dei trivst, medan talet for fylket og landet er 83%. Det vert også rapportert lokalt om aukande fråværstal og fleire elevar som har psykiske plager

Tiltak

Suldal kommune ønskjer å nytta tilskodsmidla til to tiltak; Opplevingskortet og MOT Super!! 

Les meir om Opplevingskortet og MOT-SUPER!! i Suldal kommunes kommunale plan for førebyggingsarbeid

Les Suldal kommunes kommunale plan for førebyggingsarbeid her (PDF, 11 kB)

Planens forankring og bekreftelser

Planen er administrativt forankra.
Planen er politisk forankra gjennom handsaming i kommunestyret.
Planen vert publisert på kommunen si nettside i tråd med tilskotsregelverket.

Forankring i overordna planar

  • Tiltaka som tilskotsmidla er føreslått å nyttast til er knytt opp mot Suldal kommune sin kommuneplan
  • Læreplanverket LK20 
  • Strategi for inkluderande felleskap i barnehage og skule 
  • Rettleiar for nærvær og fråvær i barnehage og skule 
  • Rettleiar for trygt og godt barnehage og skulemiljø

Om ordninga

Fristen for å søkje om tilskot var 22. april, og løyvet til fordeling var på 518 796 000 kroner.

I 2026 inngår følgjande tilskot i førebyggingsprogrammet:

  • Tilskot til styrking og vidareutvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta
  • Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn
  • Delar av tilskotet til språkutvikling for minoritetsspråklege barn i barnehage
  • Sektorbidrag frå AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet

 

Les meir om det kommunale programmet på regjeringas nettside

Utdrag frå regelverket

Ordninga skal bidra til eit heilskapleg og godt tilbod til barn og unge frå dei første 1000 dagane, gjennom barndomen og ungdomstida og inn i vaksenlivet. Kommunane får tildelt tilskot for å gjennomføre førebyggjande tiltak retta mot barn og unge og familiane deira, inkludert gravide. Midlane blir fordelte mellom søkjarkommunane etter objektive kriterium, og blir tildelte for eitt år om gongen. På sikt er målet at kommunane skal kunne få tilsegn for inntil tre år, med atterhald om årlege budsjettvedtak frå Stortinget.

Delmål for tilskotsordninga:

Tilhøyrsle, deltaking og god helse: Barn og unge har god helse, opplever tilhøyrsle og deltek i barnehage, utdanning, arbeidsliv, nærmiljø og fritidsaktivitetar.

Tidleg og heilskapleg innsats: Barn, unge og familiane deira som treng hjelp, blir fanga opp tidleg og får heilskapleg, tilpassa og samordna oppfølging gjennom tenestene og tilboda i kommunane.

 

Se fullstendig regelverk for ordningen