Er du uroa for barnehagetilbodet til barnet ditt? Slik går du fram.

Barn har i følgje Barnehagelova rett til eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Dersom du er uroa over at ditt barn ikkje har det godt i barnehagen, oppmodar me deg til å snakka med barnehagen først, før du går vidare til eit høgare nivå.

Slik går du fram

Kontakt barnehagen først

Dersom du ønskjer å klaga, eller sende ei bekymring på barnehagen sitt pedagogiske eller trivselsmessige tilbod, bør du først ta kontakt med styrar i barnehagen. Då gir du barnehagen moglegheit til å løyse saka på lågast mogleg nivå. Slike høve vert regulert av barnehagelova og forskrifter i den.

Kontakt barnehageeigar

Dersom du ikkje opplever å bli høyrt når du tek kontakt med einingsleiar/styrar må du ta kontakt med barnehageeigar. Kontaktinformasjon til barnehageeigar: 

Klage til tilsynsmynde

Opplever du å ikkje bli møtt på din klage eller bekymring, verken fra einingsleiar/styrar eller barnehageeigar? 

Då kan du ta kontakt med barnehagemynde og tilsynsmynde som er:

Barnehagemynde - Klikk for stort bileteAnita Nils Erik Eide

Anita Jørstad Grindheim
Barnehage- og skulesjef
Vindafjord kommune
Telefon: 90 11 54 97
E-post: anita.jorstad.grindheim@vindafjord.kommune.no

 

Barnehagemynde - Klikk for stort bileteJannicke Nils Erik Eide

Jannicke H. Hatlen
Rådgjevar oppvekst
Sauda kommune
Telefon: 91 24 32 68
E-post: jannicke.hatlen@sauda.kommune.no

 

All skriftleg kontakt til Suldal kommune blir automatisk registrert i det kommunale saks- og arkivsystemet.

 

Kva skjer med klaga?

  1. Når me som barnehagemynde mottar klaga, vurderer me først om innhaldet er omfatta av barnehagelova.
  2. Me som barnehagemynde formidler skriftleg innhaldet i klaga til barnehageeigar, som vil få moglegheit til å uttala seg om saka. 
  3. Me unntar teiepliktige opplysningar frå offentlegheita. Det hindrer ikkje at nokon kan be om innsyn i saka, blant anna media, men teiepliktig informasjon blir då bli fjerna.
  4. Når me har mottatt barnehageeigar sitt tilsvar, vil me vurdera om me skal avslutta eller følgja den opp vidare. Du som har sendt inn klaga vil få ei tilbakemelding på korleis barnehagemynde handterer den vidare.