Vinjarheim bukollektiv

Byggeprosjektet Vinjar bukollektiv er planlagt ferdigstilt desember 2026. 

Prosjektslutt

Planlagt ferdigstilling/overlevering  er 23 desember 2026.

23.12.2026 13.17

Framdrift på Vinjarheim bukollektiv – me er i rute!

Prosjektet «Vinjarheim bukollektiv» går som planlagt, og me er godt i gang med bygginga!

  • Bunnleidningar og røyr er no ferdig lagt i grunnen av Teqva Haugesund
  • Fundamenta i administrasjonsdelen er støypt av H-Betong Etne
  • Resterande fundamentarbeid blir ferdigstilt i løpet av dei neste to vekene
  • Tømrarane frå KV-Bygg startar arbeidet i starten av oktober

 

For å sikre god oppfølging undervegs har me rigga eit eige prosjektkontor i ei av dei tome leilegheitene på Vinjarheim. Det gir oss tett dialog og god oversikt.

Me opplever eit svært godt samarbeid med totalentreprenøren Engelsen Bygg AS frå Stord – det lover godt for vidare framdrift!

 

Gjenbrukstips! 

I samband med rivearbeidet har me teke vare på fleire limtredragarar (120 x 600 mm i ulike lengder). Desse kan hentast ved å kontakte Arild Vaage.

11.09.2025 10.22

Planlagt oppstart juni/juli 2025

Arbeidet med tilrigging og vidare rivingsarbeid har oppstart i juni/juli.

30.06.2025 13.16

Totalentreprenøren overtek området

Totalentreprenøren for prosjektet, Engelsen Bygg AS overtek området for vidare arbeid med riving av eksisterande bygg og gjenoppbygging.

10.06.2025 09.31

Dører og vindauge gis bort

No når bebuarane på Vinjarheim er flytta til Suldal sjukeheim, er bygget tømt for inventar – og mykje har allereie fått nytt liv i andre kommunale bygg.

Få gratis mot henting

Måndag 19. mai tek me ut fleire brukbare dører og vindauge som du kan få – heilt gratis – mot snarleg henting! 

Blant anna har me fleire to-fløya balkongdører i aluminium (1,4 x 2,1 m) som kan passe perfekt til hytte, garasje eller oppussing.

Interessert? Ta kontakt med Arild Vaage over helga på tlf. 99 40 02 12.

19.05.2025 10.12

Signert kontrakt

14. april 2025 signerte me kontrakt med Engelsen Bygg AS om bygging av Vinjarheim Bukollektiv.
Kontrakten er ein Totalenterprise.
 

14.04.2025 13.15

Kontakt

Arild Vaage
E-post
Telefon 99 40 02 12
Mobil 99 40 02 12