KRAFTLAGET i Suldal - her får du meir enn ein jobb!

Er du lærar og på jakt etter ein arbeidsplass der trivsel, fleksibilitet og fagleg utvikling står i sentrum? Då bør du bli ein del av kraftlaget vårt i Suldal!

Velkommen til Kraftlaget – podkasten som tek deg med inn i kvardagen til dei som får kommunen til å gå rundt.

  • Du finn podcasten der du lyttar til podcast, som blant anna Spotify.

  • Podcast  - Klikk for stort bileteKraftlaget podcast Suldal kommune

    Elisabeth Bjørkhaug og Bente Tednes Gjil pratar med dei som jobbar i og med Suldal kommune – menneske med historiar, tankar, frustrasjonar, latter og kraft. Gjennom ærlige samtalar, små drypp av galskap, og store mengder engasjement, blir du betre kjent med både kollegaer, fagfelt og heile kommunen vår.

    Me trur at arbeidsglede smittar og at krafta ligg i folka – ikkje berre i vassmagasina våre.

    Så sett deg godt til rette, eller ta oss med på øyret gjennom arbeidsdagen – dette er Kraftlaget.

Jarle, Marianne, Kathrine og Kari er ein del av Kraftlaget vårt. 

Rekrutterings- og utviklingsmoglegheit – bli med og gjere ein forskjell

Suldal kommune ser på mangelen på lærarar med godkjend utdanning og rekruttering som ei utfordring. For deg som ønskjer å vere med og forme og byggje opp pedagogiske strukturar, gir dette ei moglegheit til å vere med frå eit stadium der innsats betyr ekstra mykje – ikkje berre drifte, men utvikle og styrkje oppveksttilbodet.

Dersom du er motivert for vidareutdanning, fagleg utvikling, systemisk arbeid og samarbeid på tvers, så er det her rom.

  • Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring.

    • I Suldalskulen blir du ein ressurs som betyr mykje for mange
    • I eit mindre eller mellomstort kommunalt oppvekstmiljø får læraren ofte sjå større heilskapleg effekt av arbeidet sitt (relasjonar, klassemiljø, lokal profil). Dette er attraktivt for deg som likar tverrfagleg samarbeid og heilskapleg utvikling.
    • Elevane skildrar at det er trygt, at dei kjenner alle, og at nærleiken til natur og lokalsamfunn blir verdsett – dette gir ei undervisningsramme med sterke relasjonsdimensjonar.
    • For deg som er oppteken av heilskapleg pedagogikk, tverrfagleg innsats og utvikling i læringsfellesskap ( BTI, Circle of Security osv.), gir Suldal moglegheit til å vere medutviklar 
  • Mindre by, meir nærleik – moglegheit for tettare relasjonar

    • Suldal har skular med få elevar og små einingar. Dette gir lærarrolla større heilskap – du kan kome i posisjon til å kjenne alle elevar, sjå relasjonane mellom elevar og heim, vere med i tett samarbeid med barnehage, SFO, heim og kommune – noko som passar godt dersom du brenn for heilskapleg innsats og inkluderande læringsfellesskap.
    • I små eller mellomstore skulesamfunn får ein moglegheit til å bli kjend med lokalmiljøet og familienettet rundt elevane – noko som gir djupne i pedagogisk analyse og arbeid med læringsfellesskapet.
  • Gode vilkår og fleksibel arbeidstid

    • Betalt lunsjpause – du jobbar faktisk 100 timar mindre i året enn mange andre!
    • Lønstillegg utover tariff for fleire lærarroller – Sjå her

     

    Fagleg utvikling og støtte

    • Gode ordningar for vidareutdanning og støtte til grunnutdanning
    • Tilgang til bedriftshelseteneste og samtalar med psykolog ved behov
    • Aktiv bruk av arbeidsplassvurderingar og sjukefråværsoppfølging
  • Leiarar innan oppvekst - Klikk for stort bileteRektorar og avdelingsleiarar på skuleleiarkonferansen Suldal kommune

 

  • Undervisning - Klikk for stort bileteTemadag med Vitensenteret på Sand skule Sand skule

    Sand skule løftar fram elevar med stort læringspotensiale, saman med Vitensenteret

    Kva skjer når ein skule ser dei elevane som tenkjer annleis, undrar seg meir og treng andre utfordringar? På Sand skule har lærarane i fleire år samarbeidd med Vitensenteret for å utvikle eit tilbod til elevar med stort læringspotensiale, og no er skulen blitt pilotskule i eit nasjonalt prosjekt.

    Om lag 10–15 % av elevane i norske klasserom har stort læringspotensial. Dei er ikkje nødvendigvis dei med høgast karakterar, men dei som lærer raskt, stiller mange spørsmål, og trivst med komplekse og opne oppgåver. Dei kan vere kreative, intense, og ha sterke meiningar, og dei kan vere vanskelege å identifisere. Som barnepsykolog Ella C. Idsøe skriv: «Dei er akkurat like forskjellige som andre barn.»
    På Sand skule har lærar Anette Goa Bråtveit sendt elevar til talentsenteret i realfag i fem år. – Dei kjem alltid entusiastiske tilbake. Det er kjekt å sjå korleis dei trivst både fagleg og sosialt, fortel ho.

    Les meir her. 

  • Sand skule - Klikk for stort bileteSkulehage Suldal kommune

    Det grøne klasserommet

    På Sand skule jobbar Astrid. Ho er brennande engasjert i miljø og bærekraft, og har ein leiar som ser nytten av engasjementet hennar. Astrid jobbar deltid som lærar, og studerer i tillegg til å bli gartnar. Fleire har høyrt om skulehagen til Sand skule, og det er altså Astrid som er motoren og drivkraften bak det heile. 

    Astrid snakkar fort og ivrig, det kan ha noko med at me ikkje har avsett så altfor lang tid til ein kort samtale - men det seier også ein heil del om at dette er viktig for ho. Ho er opptatt av at elevane skal oppleva å bli møkkete på hendene og å få rota i jorda. På Sand skule får elevane læra om jordliv og kompostering, målet er at dei skal få eit forhold til kor maten vår kjem frå.

    -Alle skular med "respekt for seg sjølv" jobbar med bærekraft, seier rektor Jorunn. Me er miljøfyrtårnsertifiserte og tenker grønt. Me har prøvd å få til eit slikt arbeid som dette tidlegare, men det er først no at me verkeleg får det til.

    Les meir her.

Tenkjer du tanken om å flytta til Suldal? Til eit liv med litt meir tid, og litt meir plass? Du kan søkje om å prøvebu i ein av rekrutteringsbustadane våre. Les meir her. 

  • Kraftlaget - sterkt fellesskap

    • Velferdsutvalet arrangerer sommarfest, quiz, baking, fjellturar og foredrag
    • Kom-i-form-konkurranse og treningstilbod med støtte hos Stas-Knallform
    • Sponsa medlemskap i lag og organisasjonar – bygg nettverk og bli kjent med kommunen
  • Bu i Suldal

    • Du kan pøvebu i ein av våre rekrutteringsbustadar
    • Startlån og støtte til bustadkjøp og renovering
    • Du kan få sletta studielån ved flytting til Suldal

 

I Suldal kommune er det ikkje berre vasskrafta som er sterk – her finn du også menneskekraft, naturkraft og kulturkraft

  • I Suldal kommune er det ikkje berre vasskrafta som er sterk – her finn du også menneskekraft, naturkraft og kulturkraft. Me er stolte av å vere Noregs største kraftkommune, med Kvilldal – landets største kraftstasjon – og Blåsjø, det største vassmagasinet i Nord-Europa.

    Men krafta i Suldal handlar om meir enn energi. Det handlar også om dei levande småbygdene, dei engasjerte innbyggjarane og det rike kulturlivet. 

    Her kan du:

    • Utforske Stranddalen, Gullingen og Suldalslågen – perfekte for fjellturar, fiske og friluftsliv
    • Oppleve laksesafari, dagsturhytter, frisbeegolf og verdas beste jordbær frå Jelsa
    • Delta i kulturlivet på Kulturhuset, Ryfylkemuseet eller Suldal bad
    • Nyte lokalmat, gardsutsal og små eventyr i kvar ei grend

     

    Suldal er ein kommune med rom for ro og rom for liv, der du kan kombinere ein meiningsfull jobb med eit rikt liv utanfor arbeid. Her er det kort veg frå klasserommet til fjelltoppen – og frå fagleg utvikling til fellesskap og fritid.

     

    Besøk Visit Suldal

Er du nysgjerrig på kva ledige stillingar Suldal har ute no? Ta ein kikk her. 

Kontakt

Profilbilde av Svein Carlos Nilsen Gjil
Svein Carlos Nilsen Gjil
Ass.rådmann/komm.sjef
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63