Temadag med Vitensenteret på Sand skule
Sand skule
Elevane som tenkjer utanfor boksen
Om lag 10–15 % av elevane i norske klasserom har stort læringspotensial. Dei er ikkje nødvendigvis dei med høgast karakterar, men dei som lærer raskt, stiller mange spørsmål, og trivst med komplekse og opne oppgåver. Dei kan vere kreative, intense, og ha sterke meiningar, og dei kan vere vanskelege å identifisere. Som barnepsykolog Ella C. Idsøe skriv: «Dei er akkurat like forskjellige som andre barn.»
På Sand skule har lærar Anette Goa Bråtveit sendt elevar til talentsenteret i realfag i fem år. – Dei kjem alltid entusiastiske tilbake. Det er kjekt å sjå korleis dei trivst både fagleg og sosialt, fortel ho.
Tilpassa opplæring som gir meirverdi for alle
Gjennom samarbeidet med Vitensenteret får lærarane på Sand skule rettleiing og fagleg påfyll. Dei lærer å bruke opne oppgåver, stimulere til undring og diskusjon, og tilpasse undervisninga slik at den treff både dei med stort læringspotensiale og resten av klassen.
– All tilrettelegging gagnar alle elevar, seier Anette. Ho har sjølv følgt kurs om korleis ein kan identifisere og støtte desse elevane, og understrekar at det handlar om individuell tilpassing og variert undervisning.
Temadag med Vitensenteret på Sand skule
Sand skule
Rektor: – Samfunnet treng desse elevane
Rektor Jorunn Hoås ved Sand skule understrekar kor viktig det er å vere med i pilotprosjektet:
– Det er utruleg viktig for skulen å vera ein av deltakarane til pilotprosjektet der me saman utviklar tilbod som kan støtta elevar med stort læringspotensial, samstundes som det kjem resten av klassen til gode. Dette samarbeidet inspirerer og gir støtte i kvardagen på skulen vår.
Ho peikar også på den samfunnsmessige betydninga:
– Forsking fortel at det er ein til to elevar i kvar klasse som har eit særleg stort læringspotensial. Å spå framtida er vanskeleg, men me veit at me framover vil måtte tenkja mykje smartare rundt foreksempel grøne løysingar enn det me gjer i dag. Og me veit at me må bli flinkare til å utnytta ressursane våre betre enn det me gjer nå – òg det me ikkje veit noko om. Samfunnet vårt treng at me blir gode til å kunna identifisera og leggja til rette for elevar som på sikt vil kunna ta ei aktiv rolle for å kunna finna løysingar på vegner av oss alle.
Praktisk og utforskande undervisning
I utviklingstida har Vitensenteret gjennomført undervisningsøkter med både lærarar og elevar. Tema som elektromagnetisme blir gjort praktisk og utforskande, med opne oppgåver der diskusjonen er like viktig som konklusjonen. Elevane får undra seg, teste hypotesar og finne eigne løysingar.
– Læraren går rundt og rettleier, stiller spørsmål, men gir ikkje nødvendigvis svaret. Det er meir undring, og konklusjonane kjem me fram til i lag, fortel Anette.
Temadag med Vitensenteret på Sand skule
Sand skule
Sand skule som pilotskule
Gjennom pilotprosjektet får Sand skule tilgang til:
- Lærarkurs i identifisering og tilrettelegging
- Skulebesøk med praktiske opplegg
- Prosjektarbeid med låneutstyr
- Rettleiing for å utvikle strategiar og systematisk arbeid
Vitensenteret legg vekt på at tilbodet skal tilpassast behova på kvar enkelt skule. «Saman kan me skapa noko som både inspirerer og støttar i kvardagen, heiter det i invitasjonen».
Motivasjon og meistring
Sand skule sitt arbeid med elevar med stort læringspotensiale viser kor viktig det er å sjå heile elevmangfaldet. Gjennom samarbeid, fagleg utvikling og praktisk undervisning får elevane utfordringar som gir meistring, og lærarane får verktøy til å støtte dei på vegen.
– Det er alltid kjekt å få fagleg påfyll, avsluttar Anette.