Ordføraren sitt novemberprogram

November er budsjett-tid, både lokalt regionalt og nasjonalt

Ordførar Drange - Klikk for stort bileteOrdførar Mads Drange Jarle Lunde

Påverknad og budsjettseminar

Det betyr både påverknadsarbeid opp mot Storting og Regjering for dei statsbudsjettsakene som har betydning for Suldal, og opp mot fylket i saker om kollektivtransport og vidaregåande skule. 

Viktigast er likevel arbeidet med vårt eige budsjett, og etter kommunestyremøte 30.10 kor kommunedirektøren legg fram sitt forslag – startar det politiske budsjettarbeidet her heime. Det heile ender opp med budsjettseminar 24.11 kor partia legg fram sine prioriteringar, før me må samlast – forhåpentlegvis om eit felles budsjett, eit par dagar etterpå.



 

Ordføraren sin novemberkalender

Ordføraren sin novemberkalender
Dato i månadenHendingStad
2.-3.11Politiske møterOslo
5.11Møte med grunneigararØvre Suldal
6.-7.11KS HaustkonferanseHaugesund
10.-11.11Studietur AP ordførarar RogalandSuldal/Sauda
13.11Møte KS EtikkutvalOslo
14.11Eigarmøte Haugaland KraftHaugesund
19.11Partarskapsmøte Toppvolley NorgeStavanger
20.11BudsjettkonferanseSand
20.-21.11Studietur med formannskapetBømlo
24.11Budsjettmøte formannskapetSand
25.11EØS-seminar KSSola
28.11Samarbeidsmøte Sauda VGSSauda