Suldal kommune varslar med dette om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for endring av kommuneplanen sin arealdel, j.f. plan- og bygningslova § 11-12 og §11-13.
Fabel media
Mange eldre reguleringsplanar og byggeområde i kommuneplanen manglar byggegrense mot sjø. Dette førar til mange dispensasjonssøknader i område som i utgangspunktet er avklart for bygging gjennom planprosessar. Suldal kommune startar derfor no eit arbeid med å sette inn byggegrense mot sjø i kommuneplanen. Samtidig vert det føreslått å justere føresegnene i kommuneplanen, slik at desse understøttar den føreslåtte byggegrensa.
Suldal kommune vil presisera at planendringa ikkje skal gje utvida rettar til bygging i 100 meters belte, men stadfeste byggegrense for allereie lovleg planlagde og bygde hus og hytter.
Forslag til planprogram finn du her: Planprogram - byggegrense mot sjø
Sakspapir frå politisk handsaming: Planprogram for endring av kommuneplanen sin arealdel - byggegrense mot sjø
Har de merknad?
Eventuelle merknader til planprogrammet kan sendast til postmottak@suldal.kommune.no eller som brev til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand.
Frist for å gje uttale er sett til 1. september 2026.