Foto: Turi Ottersland TjøstheimBakgrunnen er at ny viltressurslov som tredde i kraft 01.07.2026 hadde eit generelt forbod mot bruk av termisk og restlysforsterkande siktemiddel med visse unntak. Jakt på hjort var ikkje med i unntaka, men Landbruks- og
matdepartementet fastsette 26.06.2026 endringar i jaktutøvingsforskrifta. For jakt på hjort er det i forskrifta gjort følgjande unntak:
Kommunen kan i forskrift opne for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort for å avverje alvorleg skade på natur- eller samfunnsinteresser som følgje av høg bestandstettleik. Forskrifta kan fastsetjast for ein periode på inntil fem år om gongen, og skal avgrense bruken av restlysforsterkande og termiske siktemiddel til jakt i ope terreng. Jegeren skal rapportere bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved felling av hjort i
Hjorteviltregisteret.
Saksframlegg finn de her
Forslag til forskrift: Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng i Suldal kommune (PDF, 49 kB)
Frist for å gje uttale til framlegget om lokal forskrift er 04.10.2026
Innspel sendast til postmottak@suldal.kommune.no