Høyring: Detaljregulering for Velaskaret massedeponi – PlanID 202303

Suldal kommune vedtok i møte 27. mai 2025, sak 050/25, å legge framlegg til reguleringsplan for gnr. 101 bnr. 1 og gnr. 102 bnr. 5 m.fl. – Velaskaret massedeponi (PlanID 202303) ut til offentleg ettersyn og høyring, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.

Om planen

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for ei utviding av det kommunale massedeponiet i Velaskaret. Det skal kunne takast imot inntil 49 000 m³ ikkje-forureina massar. Planområdet omfattar:

  • Eksisterande deponi i Velaskaret
  • Tilkomst frå riksveg 13 (Sandsvegen)
  • Nye areal lenger nede i skaret for fyllingsfot og fang-/sperredam

Totalt planområde er på 27,3 dekar.

 

Dokument og innsyn

Plankart, føresegner, planomtale og andre relevante dokument er tilgjengelege i planregisteret. 

 

Merknadar

Merknadar til planframlegget skal vere skriftlege og sendast til:

Suldal kommune
Eidsvegen 7
4230 Sand

Frist for innsending av merknader er 15. august 2025.

Kontakt

Ole Martin Dahle
E-post
Telefon 45 61 72 15
Mobil 45 61 72 15