Kunnskapsprøve i sals- eller skjenkeløyve Reserver Du kan ta kontakt med oss dersom du ønskjer å ta kunnskapsprøva for sal- eller skjenkeløyve. Kunnskapsprøve i alkohollovaStyrar og stedfortredar i verksemd med sals- eller skjenkeløyve må bestå kunnskapsprøva i alkohollova. Nøkkelinformasjon Ofte stilte spørsmål Kan eg ha med hjelpemiddel til prøven?Du kan ha med deg ordbok. Det ikkje er ikkje lov å ta med andre hjelpemiddel når du kjem for å ta kunnskapsprøven.Kva kostar det?Me fakturerer eit gebyr på kr. 400 per gong du tek prøven.Får eg fleire sjansar?Det er lov å ta prøven så mange gonger du vil. Kor lang tid får eg? Me set av 1 time til prøva di. Kor tar eg prøva?Du tar prøva på kommunehuset på Sand. Korleis bestille møte?Slik reserverer du tidNår du har funne sakshandsamaren du ønskjer å snakke med, trykk på «Reserver» for å sjå ledige tider i kalenderen. Vel det tidspunktet som passar deg best. Du kan sjølv velge om du vil reservere telefon-, teams-, eller fysisk møte. Fyll ut registreringsskjemaet så grundig som mogleg, slik at sakshandsamaren kan førebu seg til møtet. Send deretter inn førespurnaden.Førespurnaden blir sendt direkte til sakshandsamaren.Først får du ei e‑post som stadfestar at du har sendt inn ei førespurnad om møte.Deretter vil sakshandsamaren sende ei eiga møteinnkalling i ei ny e‑post. Dette er den endelege stadfestinga på møtet, og du må då ta stilling til om du vil godta eller avslå innkallinga.